Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Lauvodden

Det er tvo Lauvoddplassar og høyrer under Vinsvål dei au. Båe skal vera rudde etter 1800 av smeden Sakris Lauvodden som elles budde på Vasbakk under Nordbø. Han døydde i 1861. I 1813 var Zakris O. Vasbakk g.m. Bergit Knutsdtr. Hogndalen og på sine gamle dagar g.m. Aslaug Asbjørnsdtr. Bakhol.

Jon Lauvodden f. på Grasbekk 16/5-1817 og g.m. Margit H. Leitestaul (1817) budde her framover til 1860. Dei hadde sonen Olav som krutbrende Anne Selstad mor åt Halvor Anneson (f. 1848). Olav flutte ut til Kragerøkanten og kalla seg Olav Vinsvål. Han har ætt etter seg der ute.

Åsmund O. Gardstaul og Bergit Aslaksdtr. budde her i 1870 — dei hadde gutane Olav og Aslak. Ein dag Ingebjørg Stordal kom innom der sat Åsmund så mutt bort i benken. Ingebjørg spurte etter kona hans og då sa han. ”No resste ho nettopp på skogen mæ taugi å ville hengje seg.” Ingebjørg kvakk og strauk åt skogjen så fort ho kunne. Nede i Kaupmanutjønn-stranda møter ho Bergit. Ho dreg ei lang taug etter seg og koga opp i trea etter ein lagleg kvist! Men ho var visst ikkje meint på å henja seg. Dei hadde med å skrema med dette å drepa seg. Men ingen var meir livredde enn dei av denne ætta.

I 1862 bur Jon i øvre Lauvodden og Eivind Dalane g.m. Anne Aslaksdtr. i nedre Lauvodden. Jon og Margit har Olav 16 år, Halvor 14 og Anne 11 år og Eivind og Anne sonen Halvor 9 år.

I 1865 er Halvor H. Leitestaul og Guro O. Annåsosi i Lauvodden med dottera Øli 8 ½ år — dei hadde elles Olav, Bergit, Else og Halvor bittesmå.

Bergit Aslaksdtr. hadde slik tru på firkløveren som lykkeblad. «Dei æ goe botte her å hisset,» sa ho eingong til mor mi (Sigrid Bakken).

Halvor H. Leitestaul (eller Lauvodden) budde her med andre kona si au — ho Ingebjørg Halvorsdtr. Lid dei hadde ikkje born. Her var det Halvor datt og braut stygt handa si så han ikkje fekk rette fingrane på eine handa. Han bruke gjerne å hytte etter småungane med denne krokute handa. Halvor hadde vore ein hoø ramaleg kar den tid han eksera i Horten. Då han kom heimatt måtte far hans gamle Leitestaulen fylgje han rundt gardane og syne han fram der han gjekk i full herbunad med høg hatt på hovudet. Han hadde gjort mang ei bragd der ute m.a. vunne 10 daler i kortspel ein kveld på Horten. Halvor lika å slå eit stikk kort så gamal han var.

Den siste som budde på Lauvodden var Jarand Olavson Skori og Kan H. Lid. Jarand hadde vori gift fyrst med Liv Eivindsdtr. Laukelid og hadde sonen Eivind Bakkemannen, med Kari hadde han Halvor og Torstein som skreiv seg for Bringa, Torstein var lærar og ordførar og ein evnerik kar. Halvor var god spelemann — ugift.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *