Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Leitestaul

Denne plassen ligg i nordhalla ved Leitestjønn og er innsirkla med 14 deilder og ein steinmur, midt inne i Jore (nedre Bakken) si utmark. Heilt sikkert kome frå denne garden. Rudningsmannen Halvor Olavson var ein uekte son frå Sauland, som kom hit til bygda som hjuringgut. Han gjætte nord i Kråkekvæven og der kom han seg innunder gauketre — Han ynskte seg tri ting. — himmerike — Øli Bakken — og eit nytt skopar — for sko åtte han ikkje, men gjekk på leggjesokkar. Soga hans er merkeleg. Eg skal berre nemna at han var soldat i 1814, men kom ikkje med i krigen. Vart konfirmera 20 år gamal i 1815 — messa etter lyst for han og Bergit O. Hovdestaul — fekk dottera Margit utpå våren, miste så kona 1817, gifte seg att 1818 med Øli Bakken og fekk seg rudningslende av far hennar O. O. Bakken og tok på å byggja seg hus og rydde seg åker. Det er merke etter 3 små åkrar i solhalla.

Det er sagt at han flutte frå Leitestaul, då husbonden kravde leige av plassen. Han kom då til Tjosstaul som au høyrde til nedre Bakken. I 1822 finn me Halvor og Øli der med 2 barn, Bergit 4 år og Olav 2 år.

Men nye husmenner sat på Leitestaul no frametter. Eg har høyrt om ein som reiste om morgonen frå Leitestaul med ei høybyr opp Jydalen og skulle til Dyrlandsdalen men vingla på Furuheia og kom att om kvelden frå Mørkeli og hadde gått rundt Furufjell.

Omkring 1850 bur Bergit O. Bakken og Olav Sveinson Annåskosi på Leitestaul.

Tuftene er då godt synleg etter husa. Lengst aust mot bekkejuvet har stoga stått og lenger sud har fjøset og løda stade. Store røysar av stein er oppbrote og heile slåtta er vel 18 mål.

Leitestaul har no på ein uforklarleg måte gått over til øvre Bakken – visstnok av den grunn at nedre Bakken var herrelaust frå 1830 til 1857. Det var Halvor Borgja som hadde pant for 300 spesidaler og slo garden til seg. Han sette inn som forpaktar Halvor og Ingerid frå Bø – og dei let eigedomsretten til Leitestaul gå frå seg — Når så Halvor Eivindson kjøpte garden hadde øvre Bakken kanna seg denne plassen og likeins Bakketrøin som au låg midt inne i nedre Bakken.

Vetle og Ingebjørg øvre Bakken slo denne plassen år etter år — utan protest — likeins Tor og Anne Vetlesdtr. fram til 1915.

Her stod høysel lenger nede på staulen, visstnok oppsett av Vetle Bakken — det var jamvel fint golva så ungdomen stal seg til å ha dans her om vårkveldane. Selet vart rive i 1940.

I 1964 reiste den nye eigaren R. A. Sørbåe sak om fiskerett i L.tjønn til Leitestaul — men tapa sjølvsagt då det var vitnefast at plassen har ikkje hatt fiskerett anten på bekken eller i Leitestjønn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *