Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Lisleherad

Lisleherad eller «vesleverden» er som ei heil grenn for sjølveseg her i nordenden av Jevarvatnet. Her ligg:

Grasbekk Hovdestaul,
Bøle,
Varen,
Masteddalen,
Meinstad,
Tjønnås
og Åsland,

og bortom Stabbekleiv Stabbestaul og Kasin.

Ikkje så få staular ligg her i dette området — såleis Gokstaulheia med:

Tjønnsgro,
Fjøllstaul,
Tjønnestaul,
Gokstaul,
Nysel,
Jevarroe,
Kvisling,
Bekkjestaul,
Listaul
og Stongsrud og tvo Kobbersroe.

I Nordboheia har me:

Bekkestaul,
Surtekjella,
Tjos
og Birkjebrekk,
Fosseroe og øvre og nedre Fallbekk.

Eingong var det opphusa på alle desse stader, men no har det gått syrgjeleg attende — På berre tri stader er det folk heile året (Kasin, Nordheim (Stabbestaul) og Me).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *