Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Mastedalen

Det var Halvor O. Hombrekk (son åt Olav Knutson Kvammen og Sigrid Halvorsdtr. Subø) f. 1800 som rudde denne plassen. Halvor vart g. 1826 m. Signe Ånundsdtr. Skuldalen – Han var god spelemann og hadde venamnet «Langesvart» for han var ein stor, svart ramse. Elles budde der ein som heitte Aslak Mastedalen etter som stevet luar:

Olav på Jonnardalen er ein gastgjevar mann og Tarbjønn på Grasbekk sett huskon’ i stand, Olav Bøle er hås, Aslak Mastedalen Krås og Langesvart på Hombrekk han viggar som ei gås. Son åt Halvor, Knut Myrebø budde au på Mastedalen. Han var spelemann som faren og kom seinare til å flyta til Lårdal Myrebø u) Heggtveit — Kona hans heitte Signe Halvorsdtr.

Asbjørn Aslakson Stordal (1837-1905) g.m. Anne O. Rusbakkan’ budde lenge på Mastedalen. Dei hadde mange barn, m.a. Aslak, Gunhild, Margit og Kari og Gro som døydde 4 år gamal.

«No høyrer eg stemen av den himmelske glæen » sa Gro endefyre ho døydde. Den yngste heitte Anne ho vart g.m. Svein Tovsen frå Skafså (barna Halvor Landsverk og Tone Kleivan). Mange i denne ætta har vori sinnsvake — såleis Anne som fekk ein udød 1903. Vesle- Anne laut au på asylet og døydde der.

Asbjørn var kristeleg — og tykte Vårherre var tolsam som ikkje slo ned på Gudløysa. «Ja om han ikkje slo dei need, so leggje på di ett fælt Kors.» – Etter Asbjørn var død i 1905. Kom Halvor O. Myrebønn dit. Han hadde vori gift fyrst med Gunlaug O. Skori syster åt Jarand Lauvodden og hadde ungane Åste g.m. Olav Eivindson og Gro g.m. Nils Herbjørnson og Olav g.m. Gro O. Hyttedalen. Halvor g. II m. Margit Halvorsdtr. Lomtjønn (barnlaus).

Halvor var flink skyttar og elles fælt farsyten med dei ymse ting. Ho sa det Ingebjørg Baugestaul «Halvor æ stø på all ting, han.»

Etter Halvor døydde 1917 — har då ingen butt på Mastedalen og husa er no borte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *