Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Meinstad

Det er ein holaleg og berglendt plass som ligg klemt inn mellom Bøle og Mastedalen – rett til meins som namnet seier.

Plassen er truleg rudt av Olav Taraldson g. I m. Bergit Sigurdsdtr. Lien (1804) g. II 1820 m. Liv Ådnes dtr. Bjåen. Han 45, ho 39 år. Med fyrste kona hadde han sonen Knut g.m. Margit Eivindsdtr. Åmot datter Anne g.m. Svein O. Rorge (snikkaren). I 1826 bur Olav Taraldson og Liv på Meinstad med son Adne 5 år. Liv døydde 11/4-1852 på Hovdestaul 71 år.

Ådne budde så på Meinstad framover tiI 1890, han var g.m. Hæge.

Dei hadde m.a. sonen Olav g.m. Else Halvorsdtr. Lauvodden. Han drukna i Mandal 8. okt. 1893 saman med Jon Bringa og Olav Åsmundsen Gardstaul.

I 1864 bur Ådne og Hæge på Meinstad, Olav (d.e) 11 1/2 år, Knut 8 1/4 år. Svein (utv. til Australin), Olav d.y. g.m. Else Lauvodden. Olav O. Stabbestaul (f. 1872) g.m. Sigrid O. Fløydal budde på M. frå 1900. Dei hadde fleire barn m.a. Margit, Olav, Aslaug og Anne.

Olav var ein god rødar, skarp og vissordig som det er mange hermer etter. Han flutte til Svartdal og døydde der ikr. 1956.

Etter han kom Olav Årbak, Åmotsdal der han hadde vori gift med Signe Bjørgulvsdtr. Kolasveiv, Signe f. 1904 hadde han med seg. Han døydde 27/9-1950.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *