Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Nordbøli

I solhalla under nordkanten av Løyningsnuten med Skrotteskor, ligg denne plassen no heilt tilgrodd i granskogen. Men tufter syner både etter stoga med kjellar og del andre uthus.

Det er Halvor O. Leitestaul som har rudt denne plassen au. Han rudde i alt 6 plassar.

Det var i 1820 åra. Han var då i sin beste manndomskraft og arbeidde for tvo. På Nordbø hadde han pliktarbeid og det var her han hogg og drog til hest 20 lass med «beit» på ein dag uti marka. Nordbømannen Olav (- 1844 – 81 år) mulla endå for Halvor var litt seint ute, men Halvor tenkte han skulle ta det att og arbeide vel i sinne.

Halvor var då ikkje lenge her, vel han hadde bygt opp hus og kome seg til med litt krøter, flutte han til ein ny stad. No flutte han då til Tjostaul eller ein annan plass. (På Tjostaul i 1822).

Fleire husmenner kom etter tur og budde i Nordbøli — allvist veit me at Olav Tallevson Bakke-Nystaul og Kari Egilsdtr. budde her i 1850-åra. Plassen vart då nedlagt omkr. 1860.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *