Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Nyhus

Denne plassen er rundt av Olav Nyhus, son til Olav Asbjørnson og Margit O. Bakken. Den ligg nord for Annåskosi og høyrde under Haugan.

Olav miste tidleg far sin. Han fraus ihel i likferda på Eilevstjønn 23. februar 1833 — 34 år.

Margit som var av Bakkeætta var 3 alne høg og ei baus kjerring. Ho kom til å bu med sonen sin her i Nyhus. Ei dotter heitte Anne var au med dei. Ho var helvgali og preika ofte som ein prest og tala til både høge og låge. Eingong kom rike Torstein Nordgarden innom og då sa ho ”Der æ kråkevibot au som sto uppiatt mæ tri horur”. Eingong bestemor Anne vart henta til Nyhus var der ei fæl huskestoge. Anne låg i senga og hadde lungebetennelse og preika og komandera. Dei fekk store-Margit på kne framfor senga i noko blodskry, der skulle ho ligge med panna ned på golvet og ropa til Guds. Og Olav sa: ”Anne fær ikkje døy fe denna sønduge mori — å eg va au oto legeme alt te kness, men so kom djævelen å stua meg inni att”.

Anne kom til å døy på Gausta asyl. Olav var gift med Targjerd Tjostolvsdtr. Lia frå Seljord og dei hadde m.a. dottera Hæge g.m. Halvor Kn. Hælen, Nesherad — og Olav (utv) og Margit — ugift, d. ung.

Olav var tidleg enkemann og livde åleine i Nyhus og både svalt og fraus — døydde av underærnæring i 90 åra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *