Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Øyvokslid

Det er ein av dei plassar som er så gamle at dei vart nedlagde fyre all tradisjon byrja. Men at der har butt folk lenge er då synbart. Nordunder lida ligg 2 åkrar med reinar. Den eine er minst 2 mål stor og ligg lognt under nokre ufser. Der er merke etter fleire tufter. Stoga står då att — med merke etter å vori ljorestoge med merke i taket. Her var berre tuft med høg dynnestokk. Dynna hadde ikkje gangejarn, men sveiv i trepluggar oppe og nede. Ho skreik så fælt i desse sviva når du lette ho opp eller att. Her var eit svært langbord 4 tumaer tykt og ei alen breidt og over 3 m. langt.

Bordet stod på svær stabbar av nokre kubbar saga inn på kvar side på midten som eit spruns. Her var au ein gamal høgsætbenk. Bordet og benken vart då selt og har no hamna på Vatnelia, har eg høyrt.

Nedan stoga står rester av ein stor planta raun som er så vidt liv i no. Den er nok fleire hundre år. Eg har høyrt ein nyss om at her budde ein som heitte Olav Reidarson. Olav Reidarson Nordgarden (- 1782 – 64 år) Margit Tovsdtr – 1768 på barselseng 48 år. Jfr. stevet om kona hans. «Ho Margit Nordgarden var ei flengje, den høge råta, den vil ho slengje. Ho slengde råta te den datt ned og slo til Reidar i hovude»

Røykstoga er no opp-pussa, dei har lagt nytt golv og himla så alle merke i trøa etter ljåren er borte. Dei har au balka av langforstoga til eit soverom og mjølkebu. Øyvakslid har vori staule til øvre Sudgarden så langt folk kan minnast. Olav Tallevson var driftehandlar og hadde ein stempel som han brende namnet sitt i honna på kyme. Her er fleire namn etter Olav brent inn i veggen O.T.S. (1760-1844).

No er her sett opp sumarsfjos, men fyrr grinda dei kyrne eller batt dei i pålar.

I 1905 sat mor till staules her med 23 naut. Eg minnes især toreveret 28. juni — då tora slo ned berre 50 m. frå stoga og splintra eit berg. Eg vart endå så kvekt at eg leid av dette heile oppvokstren. Høyselet står endå på nedre staulen, men er no noko trasaleg. Her har det vorte slåtta like til no kvar sumar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *