Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Rusbakkan’

Innunder den høge Jyvernetten eller Pikhetta mot Rusbakkheia ligg denne plassen ca. 740 m. o.h. Denne plassen rudde au Halvor Leitestaul. (?) Her ligg eit par ækrer som har vori åkrar eingong. Tufter syner då etter stoge, fjøs og løde.

Her budde Tallev Bjørnson Kosi bror åt Svein Jønnardalen og Egil Kosi, han gifte seg 1810 med Sigrid Johansdtr. og hadde m.a. Bjørn g.m. Kari Aslaksdtr. Storemoen. Han vart endå kasta ut i Rusbakkan og hyste så nedi Bjønnshol i Ekreoddane fyrr han flytte utover.

Olav Tallevson og Kari Egilsdtr. Nuten budde her au med Bergit, Anne, Gro, Ragnhild, Kari og Egil.

Elles budde Olav Aslakson Stordal her. Han var fyrst gift med Ragnhild Kosi u) kleivi og så Ingebjørg Eiriksdtr. — ei dotter Hæge Asbjørnsdtr. hadde med Eirik Øyi.

Den siste som budde i Rusbakkan’ var Olav O. Rue — treskomakaren. Han var g.m. Anne O. Ruslid og dei hadde tre jenter Bergit, Sigrid og Anne. Olav hadde vori gift fyrr med Liv Myrann og hadde sonen Olav — firkanten dei kalla — utv., men kom heim og døydde i Rauland i 1950-åra.

På Rusbakkan’ budde au ein dei kalla gamle Kjetil — han var frå Flat-Haugan. I ungdomen hadde han hatt den gamle Kveisa og var fælt med ar i andletet.

Johans Sandsdalen far åt Halvor (forfattaren) hadde tent på Nordbø som gutunge. Husbonden der Knut var tilsynsmann og hadde med å sjå etter fatigfolk. No fekk då Johans i oppdrag og fara rundt i bygda og beda mat for gamle-Kjetil. Han for bort til Vinsvål, nord til Høgdal opptil Nordgarden, Sudgarden og Bakken og ned att til Haugan og tok med seg alle bustader. Sume gav suvel og andre grjon og det vart ikkje så lite han hadde i posen sin då han seine kvelden kom til Rusbakkan. Dynna var stengd, men han kom seg no inn og fann gamlingen i senga — han låg i feber. Johans tende på varme og tømde posen på skiva. Så glad hadde han ikkje sett nokon, fortalde Johans. Han gret av glede — og kom til å kvikna til att.

Stoga som stod på Rusbakkan’ er no eldhus på nedre Sudgarden. Plassen gror til og fjorfonnen og bustelyngen og holt og bjørkeskogen gøymer snart plassen bort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *