Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Ruslid

Denne plassen som au høyrde under nedre Sudgarden rudde Halvor Leitestaul. Han husa og rudde og fekk til nokså mykje åker. Her var vårkjømt og åra tidleg. Halvor og Øli budde her på sine gamle dagar. Far kom bort til Ruslid ein dag Halvor stod slo. Han hadde ein ljå som var avslegen på midten og denne hadde han sett så gag at han tok fulle bit og det var gut som kunne bryne og beite sin ljå — gamle Leitestaulen.

Dotter hans Bergit f. 1818 var gift med systkenbarnet sitt Olav Torsteinson Bakken f. 1820 — dei hadde fleire born — Halvor, Else, Øli, Ragnhild og Anne. Olav og Bergit budde her all si tid. Olav var flink gråsteinsmurar. Han mura den høge fjosmuren i Nordgarden og reiste opp den lenge deildemuren millom Bakken og Sudgarden (49 målstenger).

Ein dag Olav Ruslid og Steinar var gutungar gjætte dei i Mørkelid — då kom bjørnen til buskapen. Han la labbane på ein stuve og gloste nedover lia til kyrne som ikkje ansa nokon ting. Steinar var nett klive opp i ei selje og skar seg ein stav og Olav ropa at bjørnen står oppå ein stuve.

”Du må koma med børsa.”
”Ja!” sa Steinar og kom med hug og skrik oppover. Men bjørnen var vekk fyrr ein gådde åt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *