Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Stabbestaul (Nordheim)

Plassen høyrde til Nordbø og ligg under den bratte Stabbenuten. Her er vårkjømt og fint med ein arm av Jevarvatn, Bakkepodden ende utanfor.

Den fyrste me høyrer budde her var Tjostolv Jonson Koren frå Seljord, han gifte seg i 1846 med Sigrid Johansdtr. Hyttedalen. Ho var berre husmannsdotter men svært flink så ho stod fremst på kyrkjegolvet i Øyfjell. Ho sa det Bergit Volhovd: «Dyrede ha kje Sigrid Hyttedalen vore so ha mi dotter stade fremst på kjørkjegolvet — ein si brenne upp denni presten,» la ho til.

Dei budde fyrststundes på Storhaug, og der var Johans Sandsdalen fødd 18/12-1848. Han kunne hugse dei flutte frå Storhaug til Stabbestaul, han sat endå i eit stort kjer saman med sin svart kalv.

Tjostolv flutte då til Seljord omkring 1855 og nye brukarar kom til Stabbestaul.

I 1857 gifte Olav Halvorson Stabbestaul f. Høgehaug Hjartdal med Guro Johansdtr. Hyttedalen — båe 20 år. Han vart då snart enkemann og tok att systera Turi som han gifte seg med 1862. Dei fekk sonen Halvor f. 1865 som gifte seg med Kari Mikkelsdtr. i Brunkeberg og budde på Storekos — der han har ætt etter seg. Turi au døydde og Olav g. III 1870 med Margit Mattisdtr. frå Sauland. Olav og Margit fekk 8 ungar. Liv (1870) Olav (1872) Kari (1874), Øystein (1879) Berget (1882) Turi (1886) Ingebjørg (1888) og Rannei (1892).
Olav tala hjartdalmål og var ein flink rødar. Han fortalde han hadde vori så heldig.
«Ikkje har eg hogge meg, å ikkje har eg skore meg å ikkje har eg brote ta meg nokon lem hell.»

Olav H. Hombrekk g.m. Kari Sperrud, Nes var halvbror hans. Han kom til å bruke på stabbestaul han au.

Elles var treskomakaren Olav O. Rue der og kona Anne Ruslid — det var omkring 1900. Han var endå med i eit forhøyr i lagmannsretten i Skien med han budde her. I referatet sod der.

«Fram kom en kjæmpeskikkelse o.s.v.» Det var etterpå om kvelden at han drakk seg full og kytte fælt så Anne måtte stusse på han. Han sa: «Tig still! Fær eg rå meg so sko eg rive ne heile Skiens by.» —

Nokre år stod det øyde i Stabbestaul, då var det ein og annan som onna der og slo om sumaren. Såleis hadde Olav Banugestaul vore der. Han bar høy frå Bekkjestaul til Stabbestaul for det måtte vel ikkje vera hus annan stad. Han kytte at han hadde onna godt. «Eg sprang mæ fem å halvfemtes kjemmebyrar så søglespruten skvatt.»

Nils Herbjørnson og Gro H. Myreboen budde her omkring 1905 nyss dei var gifte i 2-3 år — elles kom Olav H. Myrebøen og Gro O. Hyttedalen her og var her i mange år. Olav dreiv med skogsarbeid og var ein seig kar — endå kosten var heller skral.

Olav A. Nordbø og Anne Gudmundsdtr. budde så her i nokre år — og fekk så istand bureising ved sonen Gudmund f. 1921. Husestaden vart no flutt frå bakkane og ned på ei flat. Her vart så ein stor uthusbyggning reist og ei stoge i tvo høyder. Eindel jord var oppdyrka og dei sat både med hest og kyr.

No etter dei gamle er døde har gardsbruket gått attende og det er ikkje lenger dyr på garden. Etter det vart bureising fekk Stabbestaul nytt namn, no heiter det Nordheim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *