Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Stordal

Denne plassen som ligg utom Steinkaste på solsida av Sundsbarnvatnet, fekk Olav Augustinusen frå Seljord og Turid Tallevsdtr. Habbarskvammen bykselbrev på i 1790. Han høyrde til Haugan.

Stordal har hatt næsten samanhangande busetnad like til våre dagar. No bur eit ektepar frå Oslo der — mannen er hollender (Kornelius de Ueyl).

Olav var son til ein sjersant Augustinus Augustinusson Mørch på Moen i Seljord (Sjå B. II Seljord og hadde både systken og halvsysken.

Han hadde sonen Aslak g.m. Margit Asbjørnsdtr. Bakhol gifte 21/10-1822. Han 30 år ho 24 år. Det er truleg at dei budde på Stordal no frametter.

Egil Bjørnson Kosi og Bergit Eivindsdtr. budde på Stordal omkr. 1825. Med dei var i Stordal kom Galne Vetle dit ein dag og kleiv opp på bjelkane i stoga og slo i kring seg. Det var den vonde som var etter han då, sa han. Vetle døydde 13/3-1827 — 58 år.

Ein innflyttar Greggar Halvorsen Stordal og Svanaug Olavsdtr. budde her ikring 1850. Ute ved Sælidøya ligg Greggarsvok, her datt han nedi eingang, men vart berga oppatt av Johans jønnardalen. Ved Rorgemoen ligg Greggarslid eit namn etter honom. Våren 1859 dreg han til Amerika med kona og barn – det eine nyfødt. (Olav 9 år, Anne 5 og Ingebjørg 4 og Halvor f. 10/1-59). Her var han husmann i mange år Steinar Torstein – son Gilleskor f. 14/4-1823 g.m. Anne O. Annåskosi. Dotter deira Bergit døydde her 13/3-1869 – 12 år. Dei hadde mange barn. Torstein, Olav, Elvind, Else og Olav d.g. (f. 1865). Då del flutte til Nordgarden og bruka der for Margit Klomset, kom lærar Halvor Halvorson Lid her g.m. Bergit H. Lauvodden i 1881. Dei budde der i omlag 10 år til dei kjøpte Nordgarden i 1891.

I Stordal budde ei tid lærar Olav Asmundsen Rue g.m. Sigrid O. Bakken.

Mor fortalde at i 1877 då foreldra hennar bruka i Sudgarden, rodde dei ut vatnet og skulle til Seljord. På Stordal kom Olav ut og ropa om han kunne få sendt etter noko varer på bua. Han kom sendande og tok opp pengepungen og ville sende nokre pengar. Då hadde han teke feil pung og laut opptatt etter den rette. «Dæ va rotagreie», sa han. Han æ kje so fatig den der, sa far ”han hev då tvo pæningpongar.”

Halvor som er nemnd under Lauvodden kom til å bu på Stordal i mange år. Kona hans kalla me oftast Gamle-Ingebjørg. Halvor døydde på Stordal omkr. 1913 – det var endå dans på Vinsvål den kvelden og Asmund avlyste dansen.

Stordal vart så ei handelsvare etter 1920, Einar Tufte åtte det ei tid – så Harald Jakobsen, Oslo og Kitty kona hans. Jakobsen er død og Kitty er det som har Stordal i dag sonan med «hollenderen.» Buret der er omlaga til hytte og bustad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *