Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Tjønnås

Litt nord for Åsland ligg plassen Tjønnås. Det er truleg rudt av Olav Jarandson Skinnarland son åt Jarand Bjørnson og Gunlaug Jakobsdtr. Bosbøen gifte 1778. Olav f. 1780 og g.m. Bergit Anesdtr. Bjåen dei hadde sonen Jarand Bøle f. 4/4 – 1816. Det er truleg Jarand Bøle bruka og Tjønnås fram tiI 1850 då han vart g.m. Hæge Anundsdtr. Turtedalen (Trovaten) og kjøpte Bøle og slo seg til der.

Gunnulf Halvorson Hombrekk (f. 1824) og g.m. Ingebjørg Johansdtr. Hyttedalen hadde Tjønnås mange år.

Jon Gunnarson Kasin og Margit Andersdtr. bruka Tjønnås i 7 år. Der var gode hus på plassen då Jon var der. Løda hadde 2 rom med låve og stoga var god, likeins fjøset. Der var noko frosnemt, sa Jon så det hente at grøda fraus heilt bort — især Daleåker — den var 1 mål stor. Jon spadde all åkeren dei åra han var der.

Eit år teikna det til å verta eit kronår. Åkeren klædde seg fint med brodd og kål — alt fyrst i juli månad. Men så kom det ei frosnatt og la det heile øyde. Epla vart store som erter og kornet vart grønt. Men eit år hadde han fått 2 tunner stridt korn og mykje skjære eple.

Den siste som hadde Tjønnås var Halvor Gunnulvson Eilevstjønn omkr. 1900. Han var g.m. Ragnhild O. Sobjør og dei hadde 8 barn. (Høye, Gunnulv, Ingebjørg, Bergit, Olav, Øystein Signe og Halvor).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *