Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Tjønnestaul

Det har vori tvo plassar av dette namnet øvre og nedre. Dei høyrde til Vinsvål og Høydal. Kven som hyste her fyrst er ukjendt.

I 1825 11/6 døydde Margit O. Tjønnestaul (husm. enke) 82 år. Når Halvor Eivindson gifte seg 10/7-1825 med Anne Nikulsdtr. Svalastoga er han skriven for Tjønnestaul lik eins Tone systera 1827 med Tjøstolv O. Vinsvål.

Nemnde Halvor Tjønnestaul var fødd på Lid i Øyfjell 1799 av foreldre Eivind Halvorson og Kari Torsteina dtr. Åmot ei halvsyster av Dauvens Ingebjørg. Mor åt Eivind Lid het Tone og var dotter åt Morten Gunleikson Hovden og Sigrid Eivindsdtr. Lid som vart gifte i 1730.

Halvor vart au kalla ”Heste-Halvor” for han dreiv mykje med hestehandel. Det var ein frambærleg og hugheil mann som ikkje kraup undan vanskane. Med han fridde til Anne på Rorgenson la han over Djupeveil om laurdagskvelden og vassa til oppunder haka. Då Landstad var prest i Seljord fylgde Halvor han opp Høydalsegga til Tjønnestaul. Kari var kristeleg og bruka å fasta heittes det fyrr ho tok mot nattverden.

På denne reisa fortalde Halvor presten om dei tre kjempene Roland Høydal, Sloe Mandal og Glom Sundbø som møttes her på Egga og mælte styrke med å kaste kvar sin stein. Presten bad han seie segna ein gong til fyrr han skreiv det ned.

Ein dei kalla Dauve-Eivind g.m. Anne Tjostolvsdtr. Vinsvål hadde pantsett Vinsvål til ein Bøhering og Svein O. Annåskosi løyste inn panten og Eivind laut frå garden – han laut då busetja seg på Tjønnestaul u/Høgdal. (Høydal). Det var då fælt smått for han, for dei hadde fleire ungar (5 ialt).

Han gjekk over fjellet til Fjødde på tresko i snøslapset og treskte for 40 øre dagen seie dei. Ein sumar i hobbalet tok han på seg å kloppa Løkjesmyrane for Andres Trovatn. Han kløyvde store stokkar og la side om side fleire hundre meter. For arbeidet hadde han 10 spesidaler. Desse kloppene ligg tildels endå.

På Tjønnestaul budde au Halvor H. Lauvodden og fyrste kona hans Guro O. Annåskosi — og det var fælt smått for dei der.

Fjøset frå Tjønnestaul er å sjå på Flat-Haugan. Det har breie vegger med bandfeste uthola i veggemagane — veggene er då vrengde så desse bandfesta er synlege utanpå. I 1815 — 28/12 døydde enke Ragnhild O. Tjønnestaul 55 år. Kona av Egil T. Landsverk (mi tippoldemor).

NB. Eit stykke nordom Tjønnestaul er merke etter ein gamal bustad (Tuft) som heiter Gjermonsbu. Det har vori ei utslåtte til Høydal, men er no fælt tilgrodt med skog. Nokor Fråsegn om han som budde her er ikkje kjend anna i segna om jutulen. Gjermon som akta seg på friarferd til gygra Kari i Karibunuten. — Jfr. Jutulbru.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *