Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Tjostaul

Denne plassen har lege i same skylla som nedre Bakken til det i 1920 vart utstilt og fekk bnr. 7 og skyld 40 øyre. Det var nok staule frå fyrst, det me kalla Vesle-Tjostaul. Men så flutte Halvor Leitestaul hit i 1822 og tok til å rydda det opp. Husa sette han lenger oppe og braut opp 3 åkrar – den eine omlag 2 mål. Men noko svært lenge var han ikkje her heller – var det det at husbonden kravde leige her som på Leitestaul?

Etter Halvor kom ein Knut Høljeson g.m. Margit Sigurdsdtr. her. Dei hadde sonen Hølje g.m. Anne Tallevsdtr. Dei hadde 3 gutar Knut, Olav (— 6 år m) Klumpfot) og Tallev g.m. Hæge Eivindsdtr. Sneie — flutt til Brankeberg.

I 1864 flutte Halvor Eivindson til Tjostaul etter han hadde selt garden til Eivind son sin g.m. Margit Bjørnsdtr. Åmot. Halvor vart no heitande Tjostaul eller Heste-Halvor. Han budde her saman med andre kona si Anne O. Bakken f. 16/6-1804. Anne var noko ljot, ho hadde som lita sovna i ei gråtlune på hella og stivna til med skakk munn som lytte ho mykje.

Her på Tjostaul livde Halvor godt. Han bruka som stasmat koka fisk og smør og braud og var ein god forsytar. Eivind kom til å selja garden i 1877 og drog til Amerika med kone og born. Etter nokre år skreiv han heimatt etter far sin og bad han koma etter. Eivind var lærar og dreiv visst dette yrkjet i Amerika au. Halvor fekk då «feber» og heldt auksjon og stelte seg til å reisa. Anne dotter hans var då død, men kona livde. Alle tykte dette såg gruste ut at desse gamle «foddogi» skulle ut på så lang reise. Men Halvor var hugheil som annan sinn og sa det til mi bestemor Gro Hyttedalen. «Nei, detti æ kje noko å syte fe, dæ æ berre ligge å sita dæ»

Men det gjekk no ikkje så vel. Han reiste våren 1881 og kom over havet og eit stykke inn i landet, men då han hadde att som ei dagsreise til Eivind slepte dei frå seg toget på ein stasjon.

Anne sat att på ein benk og Halvor reiste ut og ville sjå seg om etter eit anna tog. Og her ved toglina seig han død ned. Anne fekk nokon til å telegrafera til Eivind og han kom og tok seg av far sin og sjukmora. Det gjekk då heilt over styr for Anne etter dette og ho døydde snart.

Dei siste som budde som husmenn på Tjostaul var Olav H. Myrboen og Gro O. Hyttedalen det var i 1920 åra. Dei leigde plassen for 125 kr. av underskrivne. Men så i 1930 åra vart Tjostaul bureisingsbruk. Ein ny husestad vart vald ned mot Geitemyri og gode, tidhøveleg hus vart bygt. No er då garden fråflytt og vert berre slåtta av eigaren Sveinung T. Bakken og Ingebjørg Augunsdtr. (f. Nesheim).

Den gamle Tjostaulstoga kjøpte Gunnulv Eilevstjønn og den har hamna på Rauland dei andre husa er au rivne. Buret på Tjostaul står på øvre Sudgarden og er no påbygt til loft.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *