Internt referansenummer: 10.11.09 – A
Kilde:
LANGLIM – Ei bygd med segn og soger
Av: Olav Bakken
Klikk her for å lese Forordet (med bilde av forfatter Olav Bakken)
EIGE FORLAG
Flatdal 1973

Plassar i Langlim

Langlim har mange attlagde plassar. Dei ligg der no huslause og gror til, nære ved gardane i bygda, men sume noko lenger undan.

Nokon høg alder har dei ikkje og dei fleste har kjent rudningsmann. Staden er oftast skjønsomt valt, med god sol til åkerlendet — for litt åker høyrde det til desse plassar. Som vanleg hadde dei 1 kyr og nokre sauer og geiter som dei fora til med høy og ymse hjelpefor. Til vanleg høyrde det 3 hus til plassen, det var stoge med eit lite kammers og så fjøs og løde. Alle hus var timra av halvrunde stokkar og tekte med never og torv og spartansk utstyr.

For at ettertia skal kjenne til desse plassar med sine brukarar og rudningsmenn, skriv eg ned alt som lever på folkemunn endå.

Vale – Nystaul

Nystaul er eit vanleg namn. Det finst i alle bygder både på gardar og staular. Her i Langlim låg tri plassar med det namnet – for å ikkje blande dei sammen fekk dei sitt attåtnamn Vansvål – Nystl, Bakke – Nystaul og dette kalla dei Vale – Nystaul for det låg ved Valetjønn og Valemoen.

Plassen vart rudt omkring 1800 av Svein Olavson bror åt Asbjørn Bakhol. Han var gift med Guro Aslaksdtr. og døydde 31/10-1820 – 70 år. Sonen Olav f. 1/7-1801.

Her budde Lange-Olav (1810-96 – g.m. Hæge Sveinsdtr. Høydal. Olav var 75 tumar høg og kjempekar «som tok eit tak og slo eit slag – og stod støtt i høvan.» – Han var timremann og sette opp både stoger og sel. Stoga på Vensvål – Nystaul og Vasbakstoga var hans arbeid – no er dei då rotne og rivne båe. Men høyselet på Skor står med namnet hans og årstal 1855. Olav var au myllar. Han sette opp kvenn i Stubbåa ved Bruhylen. Ho var uvanleg stor. Undesteinen som eg har til hagehord mæler 110 cm. i tverrmål.

Kona hans, ho Hæge Sveinsdtr. var noko endetil og «stutt for ende». Her er fleire hermer etter henne. Eingong ho hadde vori heim i bygda var det slik sprengkulde. «På Leitestjønni – heldt dæ på å knabbe meg – eg fekk naglespretten på knei.»

På Skar hadde fare ei kyr utivi Valenuten og jentene frå staulen ropa ned til Nystaul til Hæge som stod innmed vasskjelda tidleg om morgonen om Olav kunne koma å hjelpa dei. Hæge ropa attende: ”Han hev kje ete!”

Dei hadde 3 barn – Tvo gutar som heitte Olav. Hæge Kalla dei storegut og Veslegut. Den tredje som au var gut låg Hæge i hel i senga. Om morgonen ropa ho på Olav at han skulle koma å sjå ungen som låg åg smilte så rart. Men med eingong sa ho «Han æ jokukall.» – og tok til å baka han i gruva.

Veslegut eller Pjusk vart fødd innmed nyås under ei gran. Hæge og Olav var på veg heim i bygda, men så kom tida. Ho var eit hardt honn Hæge og rusla etter ei lita kvild vidare – medan «sjaven» bar ungen i eit plagg.

Hæge kalla oftast mannen sin «sjav skurkjen» «Du storegut kom innatt å tak mæ deg veslegut hellå kjæm sjavskurkjen å knabbar dikkon.»

Dei hermer etter Hæge i slåtten:

«Dær speleg dæ bli høyvæ imorgo.»  
«Ja, men dæ æ vel brå» sa dei.
«Nei, dæ bli strengt då» sa Hæge.

Olav var ein flink laggar. Han lagga store kjer, sæar, handbytter, kalvaskar og renneholkar, øltunner og tvibytningsholkar. Sume kalla han au. ”Lange-Olav, laggaren.” – Han var ofte ute i byvegen. Dei rodde Nordsjå den tid – og når det bles hardt sette dei Lang-Olav for årane. Han var så armesterk han. Han hadde elles mangt å fortelja frå byferdene til Skien og Kongsberg. Eingong han kom frå Kongsberg over Mehia hadde han selskap med Hans Tveito og nokre heddøler.. Hans Tveito bytte endå hestar med heddølane. Men som dei kom til Heddal angra han på bytet og ville ha handelen oppatt. Men då nekta dei dette. Då slo Hans hesten sin på lenda så han spratt høgt opp og så sa han: ”Ja, de tek nok kje Blakken tå me – å ikkje dengjer de Hans Tveito frå Tinn hell!” – Då torde dei ikkje anna heddølan’ enn å byte om att.

Det var gjestebod i Nordgarden og mange samla, men Olav som då budde i Sudgarden vart ikkje heden. Dei var nok redde for ugreier. Dei fortel at Olav reiste ubeden inn der og tok og velte langbordet med mat og koppar åt golvet og reiste utatt. Ingen torde gjeta eit grand.

I Sælid sloss han med gamle Jens ei heil natt og han skamfor Jens så han greidde ikkje halde vatnet. Fleire karar tok han og ville få han ut, men Olav sette bukkebein og krøkte seg fast i alt. Dei bende på og Olav reiv med seg både dynn og dynnekarm på tunet.

Det var vanleg i jola – då han budde i Sudgarden at han drakk seg full og reiste ut å huga og kytte. «Me høyrde dæ grælege mælet,» sa far.

Dei siste som budde på Vale – Nystaul var treskomakaren Olav Olavson Rue g I m. Liv Myran II m. Anne O. Ruslid. Detti var systerson til Lange-Olav. Han var au kjempekar – ikkje så fælt høg men grovbygd og jamvaksen. I eit slagsmål hadde han fått eit stygt bit i nosi som lytte han noko. Elles vart han stygt skoren med kniv i Seljord på fesjået.

På Mørkholt var mange samla ein kveld og så sløkte dei lampa. Olav ville ut og i gangen stod ein mann med kniv og skar han i hårgarden og råka livåra. Etter den dag var han ikkje den gamle, kræve karen.

Han dreiv då mykje som treskomakar – difor fekk han dette namnet treskomakaren.

Dei hadde 3 jenter, Bergit, Sigrid og Anne som alle vart gifte og har ætt etter seg.

Olav døydde i juli 1909 på Vale – Nystaul 65 år gamal.

Stoga stod der lenge og fjøs og løde – men no er det berre løda som står att. Her var ein nokså stor åker som bar bra grøde. Ende nordom ligg det stygge Murukleivjuvet der Tov Murukleiv låg løynd. Han var då nedi Nystaul åkeren og grov eple om nettene.

På Nystaul sat dei til staules i nokre år og Sveinung Sudgarden sette endå opp eit stort sumarsfjøs ned i haugen — som no er nede att, elles slo eg der tri sumrar omkr. 1920.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *