Kildeinformasjon:
BokaInternt referansenummer:B-21.03.2013
Kilde:
HAURT NÅN SÅLLES
Av: Otto Sandhaug -Trønderhistorier
Rune Forlag, Trondheim 1968
Prenta i Bygdetrykk, Melhus
Teikningar: Leif Grav
Klikk her for å lese om Otto Sandhaug på Wikipedia

 

Poetisk kauk…

 

Gammalkjerknesen, skipperen og kraftkaren som somme eldre enno hugsar, var ingen poet just og heller ingen tenor som «kunne himle med øynene» som Hamsun seier, men ein mann som likevel åtte ein naturleg trong til no og da å gje sine kjensler luft, ikkje minst når skjenken og lykka hadde gjort han godvarm innvendig. Og da uttrykte han seg på det viset, at han kauka og gav roparbrøl frå seg som høyrdest langan lei. Du veit han var no nøydd til det da, for han åtte inga anna lyre, og luft laut han ha, han som ein annan poet.

Så var det ein gong han var til Trondheim ilag med Andreas Lyngstad, ein fylgjessvein som Kjerknesen nok lika berre så måteleg, for Lyngstadkallen var ein skikkeleg mann som ikkje lika denne kauk¬inga, og aller minst i Trondheimsgatene, der slike uartikulerte og primitive lykkebrøl utmerka seg i meste laget.

Kjerknesen kom tidleg i det stadiet at han hadde trong til å få «uttrykke seg» — men Lyngstaden hysja og hysja og passa på han, så den poesifylte aldri fekk «seie det slag» — Slik heldt han det gåande med dei var i byen.

Og bra gjekk det ombord i båten på, heimturen Og, enda det var på nære nippen mang ein gong at det skulle koke over for Kjerknesen.

Men da dei hadde gått i land i Sundneshamna og kome opp på Kjesbubakkane, der dei sette seg til å kvile, og det fagre utsynet breidde seg ut for dem med vakre gardar og grender kring den blå fjord, stille fine sommarkvelden som det var, da halla Kjerknesen seg inn til Lyngstadkallen og sa nærmest bedande så sårt:

«Kjære dæ, Andreas, kain æ ittj få kauk ein gong no da —»

*****

Forresten — dette med å kauke når stemninga kom på topp var det langt fleire enn gammal-Kjerk¬nesen som gjorde seg bruk av. Det var såleis nok så vanleg i fjellbygdene når det lei utpå natta og festen var på det likaste, at einkvan sa: Læt oss gå ut og kauk no da, kara!

Og så gjorde dei det, heile karhopen, så det drønn og runga heile grenda utover. Slikt har vore i bruk til no, og er det enda ømse stader, der kulturfernisen ikkje har skalla vekk alt av det gamle.

Her eine året var ein mann frå Kjerknesvågen på Inderøy over til fjellgrenda på andre sida fjorden på sommarferie og vart godt motteken der han tok inn. Det vart både dram og mat i så pass målestokk, at i alle fall sjøl mannen og sonen med måtte «ut og kauk» da det lei utpå.

Og da inderøykallen tykte han måtte syne dem han sette stor og oppriktig pris på den gjestmilde og hygge han her hadde møtt, bad han dem heim på. gjenvisitt. Og da høvet bau seg, kom dei Og, sjøl mannen og sonen.

No sa det seg sjøl at han ville ikkje by kleinare traktering enn den han hadde fått, så det vart just ikkje ringare her korkje når det galdt maten eller drykkjen, sku eg tru.

Men det artige var, at da det var på det gildaste, og smaken heimanfrå gjorde seg gjeldande i skrot-en og kravde sitt, ha halla guten seg fram over bordet og sa:

«Kolles e det, far, ska vi ittj ut og kauk no da —»

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.