Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

Politi i Haugesund

Sjur Flaaden var den fysste politimannen i Haugesund, men den fysste eg minnest, var Nymann. At Nymann var politi visste ikkje me ungane, for me høyrde aldri snakk om politi, berre om Nymann. Me trudde han var «Nymann» og då byen fekk politimann nummer to sa me: «Nå har me fått ein nye Nymann».

Nymann hadde ein stor hund som heitte Tom. Både Nymann og Tom var dei beste vennene våre om sommaren. Når Nymann gjekk med bjydlå og varskudde at det sku vera auksjon ein stad eller at springvatne sku stengjast, fylgde me med frå det eine gatehjørna te det andre og då kunne me få klappa Tom. Men om vinteren når det låg rennesnø i gatene, var det slutt med venskape. Då tok Nymann kjelkane våre og Tom var med. Me kunne renna i ro og fred i bakken utanfor huse vårt i mørke vinterkveldane, såg ikkje neven for nasen; men Tom såg. Me visste ikkje ore av før han var i fange vårt, tok taue i kjeften og la i veg te «håle» med kjelken. Tolv skilling i løysepenger var med i politilønå.

Ei tid gjekk gullsmed Hans Jeppesen med bjydlå. Det var gut som det var mål i. Kvinnfolkå trong ikkje opnå vindue for å høyra ka han hadde på hjerta. Han var auksjonarius 6g, han og Laurits Johannesen. Dei var begge morosame og kom med kvikke rop og svar. Ein gong det var tvangsauksjon hos ein handelsmann, kom ein sildesaltar og ville kjøpa desimalvikt (balanse, som me sa). Der var så fullt av folk at han slapp ikkje inn om dørå, men så ropt’an: «Er her balanse her»? «Nei, Mons, hadde her vore balanse, så had’ikkje eg stått her», svara Johannesen.

Frå fysst av var det borgarplikt å gå nattevakt i byen dei mørke vinternettene. Dei tok kvar sin tørn. Dei hadde då politiskildt i band rundt halsen, kølla og lykt. Eg kan ikkje minnast at far min gjekk vakt, men eg har sett skildte hans. Byen hadde vel fått kommunale vaktmenner i mine fysste barneår, så det var slutt med borgarvakt. Eg minnest Nils vaktmann og Hadle vaktmann, men det var visst tri i alt. Ein på Risøynå og to på fastlande. Dei hadde å sjå etter fulle folk, tjuar og det verste av alt: brann. Berre trehus og smått med sløkkjegreier, som her var då.

Det var ikkje møkje dei hadde å møta ein brann med om ulukkå sku vera ute. I kvart hus måtte eigarane ha brannstige, brannhakje og brannpøsar. Pøsane var av seilduk. Eg minnest våre var gul-malte med far sitt namn på. Dei hang under take i nere gangen. På brannstasjonen sto ei trykkpumpa for handkraft på hjul og ei vogn med slangar. Blei det brann sprang vaktmannen ut på gatå, tok dei fysste hestane han såg, løyste dei frå kjerrene og spendte dei for pumpå og slangevognå og la i veg. Frå vakttårne ringde dei med klokka og politie sprang i gatene, ringde med bjydlå og ropte «brann»1 Då kom alle med pøsar te brannsta’en og stellte seg opp i to rekkjer frå ei vasskjella, ein brunn, bekk eller eit myrhol. Den eina rekkjå langa fulle pøsar te pompå og den andre dei tomme te vasskjellå.

Nordpå Risøyvågen låg sjøsprøytå. Hu blei slept te brannsta’en. Det gjekk syrgjeleg seint og hu kunne berre brukast når det brann nere med sjøen.

Det var om å gjera å få folk ut og på plass før elden fekk for stor makt. Men varsle frå brann¬klokkå og politibjydlå nådde seint fram te alle. Så kjøpte kommunen ei kanon som sku stå på Gravnes (nå Ludolf Eides plass) og varsla brann med skot. Smed J. R. Høie som hadde transportsforretning attåt smiå, tok på seg å få henne på plass. Det gjekk fint opp Torjå, nordøve Strandgatå og inn på Skulegatå (Skjoldevegen). Men då var det stopp, hestane vann ikkje meir. Der sto han. Men i det same kom gutungane stormande ut frå almueskulen (nå politikammere) og Høie såg ei bergingsvon. «Hei, gutar» ropt’an, «vil de vera med å dra kanonå opp på Gravnes»? Om dei ville! Bøkene heiv dei inn på Styve si krambu, Høie fekk tau i kanonå og ungane te å dra mens dei song så det ljoma øve byen:

Hu Siri ko-okte julagraut,
Hurra my boy’s, hurra my boy-oy’s

Kanonå kom på Gravnes, men blei visst aldri brukt. Eg trur hu står på sjøbade i Asalvikjå nå.

Når eg fysst har sme Høie for meg, kan eg fortelja ein annan liten stubbe om ‘an. Det var med han som med andre smear, han var svart i ansikte, men kunne ikkje vaska seg for kvar gong han måtte på by’n. En dag var han eit erend i Haugesunds Sparebank. Då det var ekspedert ropte Ludolf Eide, som var kasserar: Sme Høie! Sme Høie!» «Her» sa Høie. «Jeg kjendte Dem ikke idag» sa Eide. «Eg har vaska meg idag», smulka Høie’n.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.