Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Postrøvaren


Med han far var ung, tente han mykje hjå Erik Frydenlund, gastgjevaren, godfar te han som no ber same namnet. Då køyrde han ofte posten millom Bruflat og Frydenlund. Ei natt han kom køyrande over Toåsen, totte han det stod eit uforskammeleg stort menneske i vegkanten og liksom venta på han. Det heldst med at far vart redd då. Han smeiste difor på hesten. Med det same han køyrde framum denne svarte dotten, rak det seg fram ei hand og vilde stane hesten. Men no hadde far ein uforskammeleg frisk hest. Han spratt i med det same. Skåki tok tak i røvaren — for ein slik var det — og reiv han overende, og han far køyrde i frå han i dragande tan nedover Tobakkadn. Det var nok posten røvaren hadde vilja teke. Han far bles i posthornet av og te, so fanten visste nok kva som i vegen var.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *