Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Prestekunst

Det var ein prest på Langnes i Vesterålen som skulle ha meir enn vanleg prestemakt. Han hadde gått på Wittenbergskulen, og hadde lært seg kunstane i Svarteboka.

Ein haust var det eit slikt overfall av snø som det ikkje skal ha vore make til korkje før eller sidan. Det snødde og snødde i det uendelege, og urven var han med veret og. Smått kula han frå sør med ein liten gullangsgråe, eller han gjekk austpå «landendingen». Men han stod ikkje lenge der før han kjente på stordøra.

I dette ufyselige snøfallet var det uråd å få noko brensel heim til prestegarden. Og etter som tida leid masa og masa prestefrua meir og meir om kva råd det skulle bli. For det vedgrannet dei hadde, nådde neppe jula i garden. Men kva råd var det? Det nytta korkje luggar for folk eller trugar for hestane. Det var ikkje botn å finne kor dei gjekk.

Det leid fram til tollesmessdagane, og snødde gjorde det verre og ikkje betre. Men då var det også fritt for ved på garden. Og den kvelden var ikkje prestefrua blid. Det var nett såpass ved at dei kokte grautgryta med, så no fekk dei både fryse og svelte. Sistpå vart då presten arg. Han fór rasande ut døra og til kontoret. Det skulle vel bli ved, og det i denne kveld. Då vakna menneskekjensla i prestefrua. Ho bad så tynt om ikkje å jage drengene i veg i kveld, det var då ikkje vér. Kanskje det kunne bli betre vér neste dag. Men du, presten hadde noko anna i hugen. Og berre ei lita stund etter dei var lagt seg om kvelden, braut det laus ein forfælande storm så huset riste. Ja, dei trudde det var storm. Men julaftasmorgonen såg dei noko anna. For hadde det før vore snø for husdørene så låg det no ved. Det var fullt av store kjempebusker rundt heile tunet, store rulser til tre som låg og sprikte med både røter og greiner. Ja, no var det nok, sa presten. Men oppe i Støaksla var det snautt, der fanst ikkje ei kjerr att. Det var flekt både torv og tre på fjellsida. Snautt var der og snautt vart der også seinare frå den jula. Men i prestegarden trong dei ikkje brensel lenge frametter vinteren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *