Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Presten Balch paa Lye

Presten Balch paa Lye (1804-1810) skulde vore leid til aa drikka. Baade han og kona. Det hende rett som det var, at tenarane laut inn fraa kjeken og skilja deim aat naar dei hadde drukke seg fulle og fenge kvarandre i haaret.

Ein gong ein sundag kom han til Gjestal-kyrkja daa klokka var 3 um eftermiddagen, og full var han. Daa dei saag han kom, sette Njædl Ædland lykjelen i kyrkjedøri og sa til folket at no skulde dei taka paa heimvegen. Dei so gjorde. Daa presten kom fram til kyrkja, fanst det ikkje eit liv paa kyrkjegarden. Kva skulde han so gjera? Det var ikkje greidt aa slaa hovudet mot steinen, og han var fegen han fekk tegja.

Balch var elles kjend av di han var so god til aa spela paa fela. Folk totte det var fælt at ein prest skulde fara med sovore.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *