Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Presten Hjelm på Strand

Presten Hjelm paa Strand var gift andre gongen med Inger Bjørnsdotter Forsand. Ho var ikkje noko gildt kvinnfolk. Ho hadde ein bror som budde paa Barka, og desse tvo slo seg ihop og bar ut or prestagarden so det var ei rygd aa høyra um det. Presten var rik, so det var mykje aa taka av; men rikare vart han ikkje, etter ho kom i huset. So rik som presten Pavels paa Hjelmeland var han daa ikkje; etter han (Pavels) var det 11 sylvkannor.

Presten Hjelm var godt lika av folk og ein dugande preikar. Det spyrst um det hev vore likare prest paa Strand til aa leggja ut skrifti. Men han skjemde det ut paa den maaten at han var altfor glad i sterke drykkjer. Det var ein joladag han kom til Hole og skulde preika. Det hadde samla seg mykje folk; for dei venta seg ei framifraa preika som vanleg; men so vart det til di at dei ingi preika fekk.

Daa det var slutt med songen, kom presten paa preikestolen; der stod han lengje og sa ikkje eit ord. Folk saag upp paa honom og venta han skulde taka til med talen; men han stod der og slo ut med armarne liksom ein fugl som vilde fljuga. Daa det leid paa, sa han:

«Jeg er paa min svir idag!»

Daa kunde dei skyna at han ikkje var god til aa tala; klokkaren laut lesa ein tekst som høyrde til paa dagen. Men tidi fall lang fyr presten; han ropte til klokkaren:

«Tak tvo blad um gongen!»

Daa preika var utlesi, gjekk kvar til seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *