Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Presten i Hemsedal

I Hemsedal va de kome ain ny prest, som alle myki gjedne vilde få hoyre, å dai sette te åt kyrkjunn, alle som kunna, te å ly'e på, både korlais han predikte å koss han søng fyr altare. Dai totte han va staut te å svalle gildt å godt ette skriftenn, me'a han la'e ut vangilju, å de tok te å hegle or augo hjå nokon kor tå ålmuga, å helst va no de me kvendfolko, tå di dal era no 'ki so lengi ette, fyrr dai vatshegle.

Detta va, me'a presten sto på predikstole, men som han kom åt altare å tok te å syngje fyri di, då tok ai gamal kjering te flipegråte, so de va raint gjølele.

Detta syntest no nokon kor va underle, at ho gret so no å inki noko, me'a han sto på predikstole, å presten syntest likeso. Han gikk difyr te henne ette messa å spurde, kvifyr ho gret so, då han seng fyrl altare å inki hellest.

«A jau,» sa'e ho, «du kan væl tenkje de, e hadde berre ai ainaste gjait, som e åtte, å den toko skrubbadn ain dagen, å då han far tok te å ljø'e se fyrl altare, då va de no i gudende verdenn, som e hadde hoyrt gjaite mi remja; derme va de no inki und rast ette, um e kløkk atte no,» sa'e ho, å klappa presten nepå øksle si.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *