Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Presten Leganger

Eirik Leganger var prest paa Torvastad fraa han var 46 aar til han var yver 80. Han var i mange maatar ulik andre folk; difyr kalla dei honom «den galne presten».

Han var halt og krank og gjekk alltid med stav. Han hadde ein stor lang stav med sylvholk. Alltid gjekk han rugga millom bønderne, og han saag meir ut som ein bonde en som ein prest. Han var murar. Ein gong kom bispen til Torvastad og skulde halda visitats; daa stod presten i murar-klæde og kalka muren i stova. Bispen var nok ikkje van med aa verta motteken paa den maaten, og han var baade hørren og snørren heile kvelden. Men um morgonen, fyrr bispen var uppe, gjekk Leganger inn til honom med ei sylvkanna, liksom han vilde koma med øl. Han kjende bispen og visste at han var glad i pengar, og so hadde han fyllt kanna med sylvpengar.

Daa bispen lét upp loket og saag kva som i var, vart han reint undren. Han kunde ikkje drikka dette, sa han. Nei, det var ikkje meiningi det heller, sa presten; men han kunde gøyma baade kanna og det som i var, sa han. Daa vart bispen blid som ei smørøskja, og sidan var presten og han dei beste vener.

Leganger kunde ikkje lika aa halda liktalar; det var det verste dei bad honom um, sa han. Ein gong skulde han halda liktale yver ein mann som var rik og hadde vore ein stor gnikar. Det fyrste ein prest skulde gjera naar han heldi ein liktale, sa han, det var aa fortelja korleis mannen hadde livt; men han kjende so fælt lite til denne mannen som no skulde i jordi. Han laut segja som sant var, at han aldri hadde høyrt gjete noko godt som mannen hadde gjort; men ein ting visste presten, at mannen var rik og hadde mugga ihop mange pengar. No, daa han var burtfaren, vilde desse pengane koma ut til andre folk og verta til gagn; sjølv hadde presten fenge 5 dalar fyr liktalen. Difyr kunde han segja, det var med denne mannen som med svinet, at um det ikkje var stort godt aa fortelja um det so lengje det livde, so vart det til gagn og gleda fyr mange etterpaa.

Han var namngjeten fyr likningarne som han bruka baade naar han rødde med folk, og naar han stod paa stolen.

Ein gong var det ei kvinna som stod til skrifte i kyrkja. Ho var ikkje gift, men barn hadde ho fenge baade eit og fleire, og det var difyre at ho stod til skrifte. Presten tala til henne so aalvorsamt og vent som han kunde; men det saag ikkje ut til at det gjekk stort innpaa henne; ho stod der like hard. Daa tok presten hardare i og tenkte han skulde møykja tytta. Kva skal eg likna denne kvinna med? sa han. Ho er liksom eit naust som stend ope, og den eine etter den andre kjem og dreg baaten sin inn i, men endaa stend det like ope. Endaa saag ho like hard ut. Daa vart presten arg og tok staven sin og lyfte han upp yver henne, og so sa han med hardt maal: «Moses slo paa berget med staven sin, og berget gav vatn; du skal og gjeva vatn, di hora!» Dermed slo han til henne med staven. Jan, daa gav ho vatn; for dette kunde ho skyna.

Denne lange staven med sylv-holk er til enno. Allvisst veit eg han var til i 1888. Mannen som fortalde dette, aatte staven; han var ætta fraa presten, og staven hadde gjenge i arv i ætti.

Leganger hadde ein bror som var prest ein stad paa Bergens-kanten. Det var ein stillfarande mann som folk heldt av og var glade i paa alle maatar. Ein gong kom Eirik Leganger der upp og vilde sjaa um bror sin. Daa han var fram komen, møtte han fyrst nokre av soknefolki til broren, og dei vilde vita kva mann han var. «Hev de aldri høyrt gjete den galne presten paa Torvastad?» spurde Leganger. « Jau da hev me,» sa dei. «Ja, her ser de han,» sa Eirik Leganger.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *