Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Presten og drengen

sogne-stubbar_-_presten_og_drengen_044
På Systrand budde eingong ein folkeleg prest av dei sjeldne. Han ikkje berre «predikede» slik at alle forsto det, men i det daglege var han som dei andre bygdefolka.

Alt skulle såleis vera fryd og glede. Men så var likevel ikkje tilfelle.

Til stor sorg for presten gjekk ikkje drengen hans i kyrkja. Elles gjekk dei godt i lag enten det galdt arbeid eller helg og fritid. Men kyrkja, nei.

Så var det eingong at presten hadde laga vin. Tida for tapping var inne. Til det arbeidet fekk han og drengen til å hjelpa seg.

Til slutt var det att ein del vin som var noko grumsen. Denne drakk dei, og vart rusige.

Då seier presten:

«Du går ikke i kirken og hører meg når eg prediker om søndagen».
«Nei,» svarer drengen, «da hadde eg ikkje gjort om eg so hadde budd i sakrastiet.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *