Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Presten som gikk etter…

Men har nokon fortalt deg um presten som gjekk etter?

Det var ein av dei gamle prestane i Saltdal, han skulde gang etter var det sagt. Dette hadde lenge vore kjent og umtala; og dei visste av fleire som hadde vore frami han. Men ein mann av Medby, han fekk både sjå og høyra, han. Ja, mannen hadde vore på Saltnes og kom etter gangvegen over Rognmoen, og då han var under Høgbakknøvva, visste han ikkje av før han hadde fått denne presten i breidd med seg. Men mannen heldt berre ferda fram, og var tyst. Presten på same måten; han gjekk og såg beint framfor seg. Slik vart dei no gangande akselbreidd, til dess dei var der det ber av mot Laksvatnmoen. Då skilde presten seg frå og tok etter den vegen prestane hadde alt med kyrkja var standande på Saltnes. Men i det same skar han i å syngja på ein salme. «O, Herre frels mig og døm min Sag.» Slik var det salmen tok til; det er ein som fanst i gamle Kingo. Og presten tok so i det berre ljoma i skogen; og dette syngjarmålet var det siste mannen høyrde.

Denne salmen vart sidan sungen i kyrkja eit heilt år, kvar gong det var preik der, og før den andre tenesta tok til.

Men etter den tid har ikkje presten tedd seg fleire gonger; so han hadde vel fått freden, annast.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *