Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Presten Tonning

Presten Tonning kom fraa Vikøy til Hjelmeland. Han preika tidt imot rasjonalistarne; «her er mange prestar som preikar annleis; men de maa ikkje tru deim,» hermde gamle folk etter han. Ein gong var provast Knudsen der og heldt visitats; daa sat Tonning i prestastolen med provasten tala i kordøri; «dette er ikkje kristendom,» mulla han med seg sjølv.

Fyrstundes var det strid millom honom og haugianarane eller samlingsfolket; men det jamna seg, og i seinare tid lagde han aldri vondt i vegen fyr deim. Per Tysdal var ein av dei mest namngjetne haugianarar paa den tid; han rødde ein gong med presten um ymse ting som dei ikkje kunde verta samde um. Til sist sa presten: «Ja, ja, du høyrer til framtidsflokken du; eg likar dykk.»

Elles var Tonning i mange maatar ein underleg mann, fri-talande som ingen annan baade i kyrkja og utanfyre. Kari Hagalid var av gode folk og vart gift til Jelsa. Eit bil etter ho hadde flutt til Jelsa, var ho heime ein sundag, og sat blenkte med stoldøri i framifraa fine klæde daa presten kom i kordøri. «Nei sjaa Kari Jelsa i dag! So fin at det skin av henne,» sa presten yverlydt daa han stod i gangen framfyre. I Aardalskyrkjo stod han ein gong paa stolen, og daa kom det inn ei kona. Daa stadna presten med preika. «Kvi kjem du so seint, di skitmerr?» sa han. — Naar lausingborn var til kristnande hadde han det til vis at han alltid spurde kven som var far til dette barnet; so vart det sagt høgt og skile; det skulde vel vera eit slag kyrkjetukt. Ei kona fekk dette spursmaalet i Aardals-kyrkjo. «Majoren paa Soppaland,» svara ho. «Major Weltzin paa Soppaland er utlagd til far aat dette barnet,» sa presten; «dei herfolki, dei herfolki, dei ber daa ikkje sverdet til faafengs,» la han til og riste paa hovudet. Han kunde halda heile rødor med konor som bar fram born, og det er mange herm um slikt som daa vart sagt. «Der kjem Marta Skaar i glinsande fin silketrøya; ho hev ikkje greidt ut reidegjerdi aat meg,» sa han ein gong. «Jaumen hev eg so,» svara kona; «men eg hev ikkje fenge att ambaren.» Aldri so snart var han komen or kyrkjo fyrr han laut høyra med dotterne sine um det var som ho sa. Han var fælt glad i pengar og lika framifraa godt naar nokon kom med sers gaavor.

Med lesarane var Tonning strid. Han sleppte deim ikkje fraa seg fyrr dei kunde sine ting, um dei so vart gangande mange aar. Men mange gamle folk hev tala um kor godt dei hadde av det som presten Tonning lærde deim. Imot lesarane var han elles den same lentuge og morosame presten som han var mot andre. Ein gong sat han midt i kyrkjegangen og vogga seg paa stolen, og best som det var datt han attlenges med foterne i verea. «Læ no born!» sa han i det same; «no hev de noko aa læ aat.» Og dei log so det riste i heile kyrkja.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *