Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

BEREN GRAVAR

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er malt av Viktor Vasnetsov.

Ein fjotlending som heitte Beren, vart gift til Gjerstad sokn. Han var god maalar og sers hendug. Han vart ein gamall mann. Han var gravar, men daa han vart so gamall, vilde dei helst vera han kvitt.

Presten var au gamalt. Han sa til Beren ein dag:

– Du Beren, du bør slutta med gravingi no, folk segjer du vert for gamall.
– Me ska aldrig bry okk’ um kò folk segje, svara Beren. Di segje de same um presten au.

**********

Der var ein som vilde sjaa etter Beren, um han grov gravi djup nok.

– Kår jubt grev’e du? sa han.
– Aa, svara Beren. D’e så forskiligt de. Naa d’e gille folk, så grev eg kje så jubt, men e de ratne folk, sò grev eg fælt jubt for at di ska kje kom’ atte. Idag hadd’ eg tenkt de va tryggast aa grava fælt jubt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *