Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

DEN VISE BJELLANDSPRESTEN

 

Søren Schive sa dør skille bli kjørkja paa Netlandsnese, ò han la ne nokre steina dør han meinte de ville bli. Far visste um plassen, men kjørkjo blei staa’ann lide grann lenger ude.
(Fjotland).

**********

Der var ei trollkjerring paa Netland i den tidi daa Søren Schive var der og dreiv last. Han sa til fløytarane sine:

– De skal ikkje kjøpa smør av henne. Ho er trollkjerring.

Der var nokre av dei som ikkje agta paa det presten sa. Dei hadde kjøpt smør av henne likevel.

Ein dag dei sat og aat med aanæ, gjekk presten burt til ein av dei.

– He du nå kjøbt smør a trollkjeringjæ ligevel! sa han. Sa sette han kniven sin i smøret. Daa han tok att kniven, draup der blod av han.

**********

Flotarane lo av Søren Schive for han gjekk og flota med skinnbuksa, og presten hadde skyna det.

Daa dei kom fram med timberet til Øya, gjorde presten gjestebod for alle flotarane. So bad han dei som stelte med maten, at dei vilde verka upp buksorne hans, so flotarane kunde eta dei. Men dei maatte ikkje segja det.

Dei stelte buksorne til so godt dei kunde, og so gjorde presten gjestebod.

Daa dei hadde ete og drukke, spurde presten korleis dei lika maten. Dei var samde um det alle at han var god.

Daa sa presten:

– Nò ska de sleppa aa gjera narr av skinn¬buksonn mine, for nò he de ede di upp!
(Fjotland).

**********

Søren Bjelland hadde ei liti dotter som kom til han ein dag og sa:

– Mor kann gjera regn!

Søren fekk kona til aa mana, og det kom nokre dropar. Daa tok Søren og aadrelét henne til ho døydde.
(Fjotland).

**********

Jonsoknatti ringde det tri gonger med kyrkjeklokka etter Søren. Frua heldt han so fast at han ikkje kom av so snart han vilde. So kom han so seint i taarnet at han ikkje fekk vita stort. (Fjotland).

**********

Søren slagta kretur, og køyrde ikring og selde kjøt.

Ei natt fekk han hus ein stad, og kjøtlasset stod ute paa tunet. Daa folk var sovna, kom ein mann og vilde stela av kjøtlasset. Men Søren laag i sengi og batt han, so han kom ikkje av plassen. Um morgonen daa dei kom ut, stod mannen attmed lasset, med eit kjøtlær paa, oksli. (Fjotland).

**********

Søren Bjelland høyrde ein gong det ropa i aanæ:

– Tiæ e komen, men mannen e inkje komen!

Daa sa Søren til folki sine:

– Der de nò kjem nokon ò vil øve, sò maa de hall’an!

Der kom ein mann og vilde yver paa isen. Dei sa til han:

– Du maa ikkje fara øve, for dør e rôte!

Mannen vilde gaa likevel, men dei heldt han att med magt, og tok han inn til presten.
Søren fekk stelt med han, og fekk han umvend, so han trudde han skulde faa himmerike.

Mannen klaga seg, han vart so sjuk, sa han.

Daa bad Søren ein av tenarane gaa etter vatn i aanæ. Søren let mannen drikka av det, og med same han hadde drukke, døydde han paa stolen der han sat.
(Eikjer).

**********

Søren Schive minte i Flòttòrsheiæ, der gruva er no. Han hadde minebor so tjukt som armen.
Der va noko i fjedde — mætt va de, sa han. Men han kunn’ inkje forstaa seg paa kò de va. (Grindheim).

**********

Søren Schive kom tidt a Hægebosta, ò daa fekk ‘an jamt hus i Lio. Seista gongjæ han va der, sa ‘an te kjeddingjæ: Kò ska du nò ha for adde dei gongjenn eg he vore her? No bli de visst den seista gongjæ.

Kòno sa ho vill’ kje ha noko. De hadde vore gildt kvar gong han hadde vore der, han maatte alle nebna de.

– Ja ja! sa Søren. Nò kann du ta den bokjæ, ò viss ikkje atte di kann bruk’ enn’ dei ‘er e nò, sò kann her gjaadne koma dei som kann bruk ‘enn’.

Kòno gjekk fremmeleg. Baadne ho gjekk me blei Torgjus i Lio, den beste dokteren her he vore. Han va bêt hell Hans Kaddan ò Valbòr Valan.
(Grindheim).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *