Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

LARS OFTEDAL

Portrettbilde av Lars Oftedal.

Daa Oftedal var prest i Hægebostad, hadde han tala for ein brudgom i Eikjen og fenge han til aa støyta ut heile brennevinet han hadde kjøpt til bryllupet.

Der var ein Nykklandsmann som tala um det med ein an nan eikdøl.

– He du haurt kò Aaptedal gjore? sa han. Han fekk brugomen te aa støyta ne heile drikka! He du haurt så stor i sønn!
Forteljaren (fraa Fjotland) høyrde samtalen.

**********

Ein sundag tala Oftedal i Hægebostad kyrkja um «det tabte faar».

Han byrja preika umlag so:

– Eg hev noko aa kunngjera i dag. Ein mann hev mist ein sau, ò e sò i sorgjæ for ‘an. Nò ska eg høyra um nogen he sett ‘an.

Daa ropa ei kjerring fraa ein av stolane:

– Dør e kommen en sau te Skytel. Eg ska vida um de kann kje vera den!

Portrettbilde av Lars Oftedal.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *