Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

PRESTEN DAHLE

 

Der var ein lensmann i Bakka som vart avsett. Han og presten Dahle var uvener. Presten var ein svær ribekjept.

Ein dag dei treftest, sa lensmannen:

– Kåss kann de ha seg at prestepungjen e tiben i beggje ennan?
– Jo de ska je sie de, min mann! svara presten. Der kom en a’danka lensmann ò skar hol paa ‘an.

**********

Dahle skulde vigja eit brudpar. Han var sinna for brudi var drúg, og han slo paa det i talen.
Sò kommer di me di som ei full-lasta, synkeferdig skude! sa han.

**********

Dahle var prest i Stavanger eit bil. Eitt aar hadde folk ofra lite joledagen. Presten gjekk fram i kordøri og skulde takka, og det gjorde han soleis:

– Det pleier at være skik at takke for offeret, men denne gang skal Hetlands menighed ha skam for tak! Hvad skal en prest leve med? Stenene paa gaden?

So snudde han ryggen til, og gjekk inn i sakristiet.

**********

Daa Dahle var i Bakka, vigde han ein gong eit brudpar fraa Nes.

Brudi var rik, og det er ikkje utenkjande at presten hadde grunn til aa tru det var helst for rikdomen han tok henne.

So sa presten i talen:

– Tar du hende for pengene, saa Gud naade dig! Naar pengene er ende, saa er venskaben ende, saa kommer bitterhed!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *