Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

PRESTEN HOLST

Han var so fælande snappsinna. Han vikarierte i Aaseral eit bil, fyrr han kom til Hægebostad.

Han skulde ein gong vigja eit brudpar i Aaseral. Daa dei kom fram til altaret, gjorde brudgomen eit hallingkast. Men det var som han tok seg i det med same, og so sa han til presten:

– Kanskje du tótte de va for mykje!

Presten gjekk burt til han og gav han eit nevedrag under øyra so han sveiv.

– Kanskje du tutte de va for mykje! sa han, og so gjekk han i ferd med brudvigsla som ingen ting hadde hendt.

**********

Bønderne skulde brøyta veg for presten, og det var den aldruge lensmannen som stod fyre brøytingi.

Ein gong var det store fenner, og vegen var ikkje brøytt daa presten kom til Fjotland. Det var daa Holst var prest.

So sa presten:

– Kòr e den gamle fillette lensmannen? Je ska snart lær’an aa brøyde sò en ikkje ska brekka armer ò ben.
Han var so sinna at det gneista um han.
Eit lite bil etter snudde han seg.
– Nu er jei lige go igjen! sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *