Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

PRESTEN MELLBYE

 

HÆGEBOSTAD KIRKE. Les mer om Hægebostad kirke her.

FJOTLAND KIRKE. Les mer om Fjotland kirke her. Photo: Philip Gabrielsen. Under følgende lisens.

Fjotland og Hægebostad var eitt prestegjeld fraa gamalt. Fjotland var anneks.

Hægebostadbønderne klaga presten Mellbye for han kom for seint til kyrkja. Klaga kom att til presten, og han var harm og gav vondt fraa seg ein dag fraa stolen.

Dei burde ikkje hava sendt klaga, sa han, dei kunde hava sagt det til han sjølv. Han budde so nære kyrkja at han kunde koma tidleg nok. Naar han hadde byrja gudstenesta so seint, so var det fordi han trudde at folk med lang kyrkjeveg helst vilde hava det so. Men no let han dei vita at her etter gjekk han i kyrkja til lovleg tid klokka 10 so mykje dei visste det.

Sundagen etter var presten i kyrkja klokka 10. Daa var der berre tri mann komne attaat prest og dekn, det var Bernt Spilebrokk og ringjaaen og ein til.

Presten gjekk for altaret og paa stolen, og endaa hadde ingi nye kome. Han heldt ei vanleg lang preika, og det hadde ingi nye kome daa han gjekk av stolen.

Daa han stod for altaret og las slutningsvelsigningi, hadde det nett kome inn ein vêr igjenom opne døri, men ingen gaadde veren, fyrr presten hadde sunge for altaret: Herren være med eder!

Daa stakk vèren hovudet fram i midtgangen nede ved døri, og svara med eit langt: Bæ—æ—æ!

Det kom so kontant at klokkaren fekk ikkje sagt amen.

Dei kom so paa laatten baade presten og dei andre, at det vara eit heilt bil fyrr dei kom i den rette jamvikti att. Daa sa presten:
– De lyd sjaa aa faa ‘an ud att!

Daa tenesta var slutt, og dei for paa heimvegen, trefte dei folk som skulde til kyrkja.

Daa dei saag presten gjekk den vegen i kjole og krage, meinte dei han skulde i soknebod. Men han sa:
– Jeg er færdig, jeg!
( Fjotland).

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

**********

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Presten Mellbye vart vond paa ein mann som stulla hesten hans. Der laag noko halmsubb, og so sa presten han hadde gjeve hesten hans halm.

Mannen vart sinna. Det var andre som hadde gjenge og drust halm, sa han.

Det eine ordet tok det andre, og paa slutten kasta presten kjolen og kragen av seg.

Der ligg’e presten, ò her staar personen! sa han, og so for han paa mannen.

Men mannen var spræk, og det enda med at presten maatte i hestelorten.
(Eikjen).

**********

Mellbye vilde gjerne vera med i bryllup, og dei lika aa hava han med au, avdi han var so uvand og folkeleg.

Han var med i eit bryllup paa Røyland, og um kvelden daa dei hadde dansa og staaka fraa seg, skulde dei leggja seg. Dei baud presten eit høveleg sengrom, men han vilde liggja paa loftet i halmdotten med dei andre.

Presten vart liggjande noko nær døri. Daa dei hadde sløkt ljoset og skulde til aa sovna, kom ein mann upp og vilde leggja seg, so snaava han i beini.

– Kven fannen eige dessæ fødann! sa han.
– D’e kje fannen som eige di. D’e presten sine! svara Mellbye.

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

**********

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Mellbye budde paa Spilebrokk hjaa Bernt naar han var til Fjotland kyrkja. Ein gong vigde han eit brudpar paa Fjotland, og dei gav seg til ei stund um kvelden og heldt moro der aust paa Fjotland. Presten og Bernt var med.

Daa det leid utetter paa kvelden, gjekk Bernt til presten og sa:
– Meine du d’e kje best me gjeng’e heimatt no?
– Nei, nei! svara presten. Me maa vera ò halla orden!

So tok Bernt paa heimvegen aaleine, og presten gav seg etter.

Langt paa natti høyrde Bernt presten kom. So stod han upp og vilde taka imot han. Presten kom paa fire inn døri, so drukken var han.

Um morgonen betalte presten dubbelt so mykje som vanlegt for husværet.
– Dett’e for møgje! sa mor til Bernt. Eg ska kje ha sò møgje, sa ho.
– Jo, meinte presten. De lyd ha sò møgje, de har gaat galt me sengjæ.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *