Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

SIRDALSBRUDGOMEN OG PRESTEN

Der var eit bryllup i Øvre Sirdal i gamle dagar fyrr dei fekk kyrkja der uppe. Dei hadde so langt til kyrkja, at dei sleit ut tri sledar etter vegen.

Dei var dugeleg drukne daa dei kom til kyrkja.

Daa presten steig fram for brudfolki, vart brudgomen vis med at kragen sat noko skeivt paa presten. So sa han:

– Bevar meg, farr, kòss I kjem’e slarvanns! I ser jo ut som den verste lasaron! Kom hitt, sò ska eg skiba kragjen Jerses!

Presten laut draga seg attende, so ikkje brudgomen skulde naa i han med handi. Det saag helst ut som han ikkje hadde teke laushendt, um han hadde slept til.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *