Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

PRESTESOGOR

TORKJELL URESTAD OG PRESTEDOTTERI

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbildet og er malt av Henri de Toulouse-Lautrec.

Fyrst i 1800-aari var der ein prest i Hægebostad og Fjotland som heitte Dyrenborg. Han budde paa Hægebostad.

Der var ein tenestgut paa prestegarden, han heitte Torkjell Urestad, og det var ei uvyrda so full av prettor.

Torkjell tok til aa hanga etter dotteri til presten, og det var kje fritt ho lika han au.

Daa presten skyna korleis det var millom dei, sa han Torkjell upp. Han laut flytja fraa prestegarden, men han var ikkje lenger ifraa enn han kom att rett som det var, og daa gjorde han den eine pretta etter den andre.

Presten vakta paa dotteri, men Torkjell var so sløg at det var uraad aa halda dei fraa einannan. Naar det vart myrkt um kveldarne, sprang Torkjell ikring prestegardshusi med fem seks aakerpipor i munnen. Naar dei høyrde laaten, skulde alle ut og sjaa kva tiss var, og so nytta Torkjell og prestedotteri høvet til aa lura seg til sides.

Ei natt kneip Torkjell hunden i øyra, so han ula og kvein. So for presten upp av sengi, han meinte det var skrubbarne som skræmde hunden. Daa dei ikkje høyrde noko skrubbelæte, meinte dei det var vonde vette som var ute. Frua gav presten lyklarne til kyrkja, og vilde han skulde gaa og ringja med kyrkjeklokka. Det var midt paa natti, og presten var fælen. —Jeg tør ikke! sa han.

I millomtidi hadde Torkjell lura seg inn og teke brennevinsdunken fraa presten.

Um hausten daa dei la upp korn, visste Torkjell at gjenta var med i arbeidet. So fekk han lura seg til og gjort eitkvart signalet til henne, so han fekk henne ut av løda.
Ho var vond paa han for alle dei prettorne han hadde gjort far hennar.

Du gjer far sò vond at han let oss alli koma ihob, sa ho.

So laut Torkjell lova henne at han skulde fara skipeleg fram, og daa meinte ho det skulde verta ei raad for dei til aa koma i hop.

No skal eg segja til far at det er gale fat med meg, sa ho. So lyt far gjeva seg.

Etter som det leid frametter hausten, vart gjenta onnorleis paa skap enn ho hadde vore, so mori tok til aa undrast paa um alt var som det skulde vera. Daa det leid lenger, var det so synbert at endaa presten vart vis med det.

So kalla han dotteri inn paa kontoret, og tok til aa saumfara henne med augo.

– Korleis er det de hev stelt dykk? sa han og var morsk i mælet.
– Nei korleis daa? sa gjenta og gjorde seg undri. Kva meiner du? sa ho.

Eg meiner:

– Korleis er det du ser ut? sa presten endaa argare.

Daa lesst gjenta vera reint sundbroti, og svara:

– D’e nok dennæ Torkjell.

So gav presten henne ei hard straffepreik og jaga henne ut. No kunde ho liggja som ho hadde reidt til, meinte han. Men Torkjell skulde ho aldri faa likevel.

Ja, ja! Det lyt vera som du vil, far, sa ho spaklegt. Det gjeng nok yver, let ho.

Men det vart galnare med henne etter kvart, og paa slutten spurde presten um ho ikkje vilde sjaa aa faa gift seg med Torkjell.

– Eg er rædd du hev vore so vond med han, at han ikkje vil vita av meg, let ho. Og no hev eg mest gløymt han au, la ho til.

– Maa eg bodsende han? spurde presten.

– Det hastar ikkje for meg! svara gjenta.

Men presten meinte ho saag slik ut at der var ikkje noko aa bia etter.

Andre dagen var det preik, og presten kalla Torkjell inn til seg i sakristiet.

– Var det noko du vilde? sa Torkjell.

Men daa fekk han ei straffepreik med dei sværaste, presten reidde han av som ein hund for han hadde skjemt ut dotteri hans.

Men paa slutten vart presten meir tolug, og spurde um han ikkje vilde bøta brotet sitt, og gifta seg med gjenta.

Torkjell synte seg ikkje sers huga paa det.

– Naar eg ikkje kunde faa henne daa eg vilde, so kann det mest vera det same no, synest eg, sa Torkjell.
– Men eg skal gjera det beste eg kann for dykk, sa presten.
– Eg skal lysa for dykk idag, og setja dykk i veg, sa han.

Men Torkjell var ikkje sers huga, saag det ut til.
Daa vart presten sinna att, og so tok han til aa lesa upp for Torkjell kva kar han var.

– Du har sjenert min stand og stilling! sa han.

Men daa skvatt Torkjell til.

– Nei, nò vi eg kje ha ‘enn’! sa han.

Daa laut presten taka til bøneboki. Alt det gamle skulde vera gløymt, og han skulde gjera det beste han kunde for dei, berre Torkjell vilde taka gjenta.

– Sò fær de vera daa, meinte Torkjell.

So vart det lyst for dei, og dei stelte til bryllupet so fort dei kunde.

Daa brudi synte seg i brudebunaden, var ho smal som ei vidja, og daa skyna presten dei hadde narra han.

Han vart ikkje mindre vond daa enn han fyrr hadde vore, og den avreidsla han gav dotteri for ho var smal, var ikkje mindre hard enn dei preikorne han hadde halde for henne fyrr.

Men ho svara berre:

– Far, du ska kje vera vond paa meg for de eg ikkje hev gjort noko gale!

Og presten laut gjeva seg paa det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *