Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Prinsessa som vart borte

(Vatnbygda, Fauske)

Det var ein gong ein konge og ei dronning; dei hadde ei dotter. Ja, dei hadde berre dette eine barnet, og derfor visste dei ikkje kor kjær dei skulle vera om det. Den vesle prinsessa låg på gull, ho åt av gull og ho drakk av gull. Då ho var åt kyrkja og, fekk namn, hadde dei tre gudmøderne hennar gjeve henne kvar si gåve. At den eine fekk ho ei gullkrone, den andre gav henne eit hjarta av gull, men åt den tredje fekk ho ei salmebok. Når ho sette gullkrona på hovudet, vart ho så pen det berre lyste av henne, og hengde ho gullhjarta kring halsen, vart ho så god og rettvis. Men i salmeboka lærde ho å lesa, ho var så dyktig til det den unge prinsessa.

Heilt frå ho var litavekje, hadde ho havt ein flokk terner kring seg; dei var sett til å ha tilsyn med henne, og denne tenesta byttest dei om, så prinsessa hadde folk rundt seg både natt og dag.

Så var det ein dag kongen og dronninga sa seg til å reisa bort ein snartur. Innan dei forlet heime, sa kongen med ternene at dei måtte berre sjå til så prinsessa ikkje kom ut om dør. Det kunne kongen lita på, sa ternene. Men vel kongsfolket var farne, hadde prinsessa sett seg høve til å smetta ut likevel, ho. Fyrst prinsessa vart sakna, sprang dei til og leita, den eine hit og den andre dit. Men innåt kongsgarden gjekk det ein stor skog, så ternene visste ikkje å få forstand på kvar prinsessa hadde teke vegen; men dei kvista rundt og leita til dagen var all, og i denne styren kom kongen og dronninga heim. Då dronninga fekk vita kva tilstand det var heime, vart ho så sjuk og vedføre ho lagdest ned. Men kongen vart harm og ville ha å vita kven som hadde gjætt bort prinsessa. Men ternene skaut berre skulda på kvarandre, så kongen vart like slug, han.

Dagen etter skikka han ut alt sitt folk på leiting; det vart leita både vel og lenge; men det same var det same, dei kom fri tilbake åt kongsgarden, den eine føre og den andre etter.

Alt med folk styra og leita, var prinsessa på flukt innetter skogen. Ho var no så vel kei av å vera innestengd, så ho reiste alt ho vann for å koma seg unna. Men då ho hadde rent på dette viset langt og lenge, kom ho åt ein bekk. Her skal det bli godt å ta seg eit lite kvilan, tenkte ho; for ho kjende seg bra sliten etter all renninga. Med ho no stussa på, kom ho på ho ville prøva gullkrona, den hadde ho berga med seg. Så sat ho der og spegla seg i vatnet. Men så skulle ho drikka, og då ho lutte seg ned, stompa krona av henne og vart teken av straumen. Som ho no dreiv der og sokna og leita nedetter bekken, kom ho til å sjå seg i vatnet; men då vistest ho så gammal og rukkåt så ho ville ikkje kjennast ved sitt eige andlet. Krona fann ho ikkje alt, det ho la seg ut og leita, og dermed tok ho på vandring att inn gjennom skogen. Då ho hadde gått ei tid, kom ho åt ei hytte. Frammed gruva sat det ei gammal kjerring og raka i glørne. Det vistest både svart og pjuskåt inne hos kjerringa; men prinsessa var no åt å bli vanmotig, så ho bad om å få vera der.

«Ja,» sa kjerringa, «eg har no ikkje vidare bruk for deg, minder du då kunne gjæta geitene mine.»

Prinsessa takka og var glad til, og så vart ho til gjætar hos kjerringa.

Heime i kongsgarden var det oppstyr større enn stor. Kongen hadde sett i gang leiting over alt sitt land, og han lova ut prinsessa og halve riket til den om kunne få rett på henne. Då denne tidenda kom utover, møtte det opp både fark og fagna og sa seg til å prøva. Dei streifa no rundt der det kunne vera nokor von til å finna prinsessa. Men dei kom tomhendt tilbake alles hop.

Så ein dag kom det ein stor ferm riddar til kongsgarden og baud seg fram. Då han la ut, tok han det på ein noko annan måte med leitinga enn dei andre som hadde prøva seg. Dei hadde fare og snara nærast attmed kongsgarden til dei såg det ulikt og gav tapt; men denne riddaren fór strake vegen innetter skogen, lenger enn langt, til han sistpå kom åt ein bekk. Han stemde uti, men då hesten skulle over, bar det fast med ein fot. Riddaren glytta ne’di vatnet, ville sjå kva hesten snåva i, og så vart han vis noko det blanka så i. Han av hesten, og då var det ei gullkrone som låg i bekken. Han tok rett’på krona og fór sin tur, og då han hadde reist enno ei tid, kom han åt ei lita hytta. Kan det vera lønt å gang inn her og spørja etter prinsessa, tenkte han. Han gav seg i hytta, og der sat det ei gammal kjerring og rota i glodungen på gruva.

«Signe dagen, gamle mor!» helsa riddaren, og så fortalde han om prinsessa som var komen på vidvank, og spurde kjerringa om ho hadde sett likt til henne.

«Nei, det har eg ikkje,» sa kjerringa, «men det kom ei vekje drivande hitett ein dagen; ho bad om å få innsmett her hos meg, og ho er no i skogen med geitene.»

Riddaren stussa ikkje lenge der, og vekja som kjerringa hadde fortalt om, spurde han ikkje meir etter. Han tok ut att på leiting, og reiste no til han hadde fare rundt i heile riket. Då han såg det mislykkast å finna prinsessa, tenkte han fyrst han ville ri beine vegen heim til borga si. Men så kom han i tanke om gullkrona han hadde funne. Enn om han la vegen om kongsgarden og tedde den fram der, tenkte han. Han så gjorde. Kongen kjendest ved krona med ein gong. «Det er ei av faddergåvene til dotter vår, dette,» sa han. Og så fortalde kongen om den underlege evna denne krona hadde. «Når dotter vår tok den på seg, vart ho så pen det berre lyste av henne.» Og så sa kongen til riddaren: «Sidan du no var kar om å finna krona, så trur eg for visst du kjem hit med prinsessa om du legg ut på leiting ein gong til. Og det eg har lova ut åt den som finn henne, skal eg stand ved,» sa kongen.

Riddaren drog seg mot til og la i veg att. Han tok til å ri gjennom same skogen han f6r fyrste gongen. For var det ei von til å finna prinsessa, så måtte det vera der ein staden, tenkte han. Han kom åt hytta der den gamle kjerringa heldt til, og no spurde han å nyo om ho hadde sett prinsessa. Nei, det hadde ho ikkje, sa kjerringa. «Men vekja som kom hitett, ho er i skogen med geitene,» sa ho. Med det til svar måtte han fara. Men no hadde riddaren sett seg føre han ville leita opp denne vekja, endå han syntest det var reint ut or vona at ho kunne vera den han var ute etter. Han gjorde ein runding, og så kom han åt ei vekje som hådde ein skokk geiter kringom seg. Han steig av hesten, gjekk framåt vekja og sette krona på hovudet hennar. Med eitt skaptest ho om og vart til ei prinsesse så pen det lyste av henne.

No fortalde riddaren kva kelan dei hadde havt med å leita etter henne. Han tok henne på hesten, og så reid dei til kongsgarden, og der vart det no fagning og glede større enn stor.

Kongen gjorde bryllaup for prinsessa og riddaren, og der var det så grovt med stas og slikt eit ofsen med mat og drikke så det gjekk ord om det lange tider attpå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *