Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Prinsessa som vart omskapt

(Saltdal)

Det var ein konge som hadde tre søner. Då dei var komne til si myndigheit, sa faren ein dag åt dei: «De er no komne i den alder de snart treng sjå dykk om etter kvar si kjerring.» Og så lova kongen ut at den som visste å finna seg ei kjerring som kunne spinna og veva, verk til ei skjorte og få den sydd på ein og same dag, skulle bli, sett til styrar over halve riket.

Då kongen hadde gjeve denne lovnaden, ville dei to eldste brørne reise heimnav med ein gong. Yngstekaren, det var Oskefisen, han tok det meir tol innan han sa seg til. Men då han òg  tok til å telja på å få fara, gav dei to eldste seg til å gjera narr av han. «Kva skal du Oskefis i veg! Du finn vel aldri nokor kjerring.»

Så slo dei to eldste fylgje bort frå kongsgarden. Oskefisen ville dei ikkje ha i lag med, så han laut ta ut åleine.

Då han no hadde gått langt og lenge, var han komen i ein stor skog, og som han skrei fram mellom trea, kom han til å bli vis at det rauk or ei tuve, men ikkje eit liv å sjå.

«Eg munde vita kor det høver til med denne røyken, eg,» sa han med seg sjølv. Så gav han seg ditett, og vel han var, frame, kom det ei gammal kjerring rett opp or tuva.

«God dag, bestemor!» helsa Oskefisen.

«Det er no sju vedfall sidan nokon kalla meg bestemor,» sa kjerringa. «Kan eg gjera deg noko bestemorstykke, så vil eg gjerne det.»

Prinsen fortalde om det han hadde til ærend. «Eg er ute og ser meg om etter ei kjerring,» sa han. «Og ho må vera så dyktig ho kan laga verk åt ei skjorte og få, den sydd på dagen,» sa han.

«Det spørst om eg veit av noko kvinnfolk som er så snop med handa. Men lenger inni skogen er det buande ei syster mi. Gjerne ho veit å visa deg til den rette,» sa kjerringa.

Så var kjerringa etter ei lerhud som ho skreiv noko på. Denne kunne han ta med åt systera, sa ho. Oskefisen stakk lerhuda puinn armen, tok så på att å gå. Han reiste både langt og lenge, men skogen ville ingen ende ta, og på det siste var han åt å bli kei, så han var meint å ta seg eit lite kvilan. Men just i det same vart han vis det rauk or ei tuve. Oskefisen gjekk ditett, og så råka han ei gammal kjerring.

«God dag, bestemor!» helsa han.

«Du gjer meg rett glad,» sa kjerringa. «Det er no sju vedfall sidan nokon sa bestemor åt meg. Kan eg berre gjera deg noko bestemorstykke, så vil eg gjerne det,» sa ho.

Kjerringa var i ferd med å ta snus då Oskefisen kom åt tuva; ho hadde lagt fullt i hola på handbaket, og skulle just til å dra det i nasen. «Det er gjerne rettast du heldt deg unna alt med eg tek snusen,» sa ho, og så smetta ho Oskefisen i snusdåsa så han ikkje skulle bli dregen i lag med. Då kjer¬ringa hadde lyfta Oskefisen or, tedde han fram lerhuda som han hadde fått åt syster hennar; så fortalde han om ærendet sitt og spurde om ho visste kvar han skulle ta vegen for å finna seg ei kjerring som var så hag med handa ho kunne laga verk åt ei skjorte og få den sydd på ein dag.

«Det skal eg eitid seia deg; du går berre strake vegen innetter skogen til du kjem åt ein stor berghamar. Der slår du tre gonger mot, og så treng du ikkje vita meir hos meg,» sa kjerringa.

Oskefisen gav seg i ganginga att, og no reiste han i eining til han langt om lenge kom åt berghamaren. Han gjorde som kjerringa hadde sagt, slo tre slag, og då han, sette neven i berget tredje gongen, small det opp ei dør. Så kom han inni ein sal der det var slikt eit ofsen med kostbare ting, gull og sylv alt i hop. Dess meir han glytta dess meir opp i undring vart han. Han var no kongsson, veit du, og meinte han skulle ha sett noko av kvart av det som pent var; men det som var samla der, bar så reint av veg mot det dei hadde heime hos faren.

Alt medan kom det ei ørende lita prinsesse etter salsgolvet. Då forstod Oskefisen han var komen i ein kongsgard. Han syntest no han kunne ikkje stå der og glo som ein annan heie,
men gav seg i tal med prinsessa. Ho svara godt for seg på alt det han spurde om, så han skjøna ho var slug og tenksam såleis, det var berre det ho var så forgale lita til vakse menneske å vera. Oskefisen røsa ei stund med prinessa, og kvartetter tok han til å få meir og meir godt for henne. Og så kom han fram med ærendet sitt. «Eg er jussom ute på friing, eg,» sa han. Så fortalde han at han var kongsson, og om lovnaden som far hans hadde gjeve. Og då han hadde sagt så mykje, var han fastrådd på å fri til prinsessa. «Henne vil eg ha til kjerring, sjølv om ho ikkje greier den prøven han far har sett,» tenkte han.

Ja, han manna seg opp og fridde til henne, og Oskefisen fekk ja åt både prinsessa og foreldra hennar. Då det no var avstyrt med friinga, så meinte han det var rettast dei gav seg i veg åt far hans.

Prinsessa fekk no stelt i stand køyredoning; ho var alt for lita til å gå den lange vegen, veit du. Så fekk ho ei sylvskei til vogn og to myser til å draga. Ja, då dei hadde reist ei tid, Oskefisen var gangande i breidd med, kom dei åt ein bekk.

«Eg ankar på det kjem til å gå gale her,» sa Oskefisen, og så baud han seg til å bera alt over bekken.

«Nei, det skal du ikkje reddast for,» sa prinsessa. Ho stemnde mysene i bekken. Dei la på søm, men så vart dei tekne av straumen, og Oskefisen vart skilt med både prinsessa og
køyre¬doningen. Han la uti og gav seg til å sokna; alt medan kom han til å sjå over mot andre sida. Der vart han vis prinsessa; ho var no omskapt og stod der eit vakse menneske. Sylvskeia hadde vorte til ei gullvogn, og mysene til to gilde hestar. Så sette Oskefisen seg oppi vogna i lag med, og dei køyrde beint åt kongsgarden.

Dei to eldste brørne var alt komne med kvar si kjerring. Dei hadde gjort snarreis for å koma fyrst til kongsgarden, og hadde fridd til dei fyrste og dei beste dei hadde råka. Og no gjekk dei berre masa på faren, at han skulle ta til med prøven så det kunne bli avgjort kven av dei som skulle bli styrar i lag med. Men kongen sa han ville ikkje by til med noko innan han fekk sjå om yngstekaren hadde funne seg kjerring. Då Oskefisen kom til kongsgarden med den vakre prinsessa, køyrande i gullvogn, vart brørne så misunnsame det var just så dei vann dy seg. Det einaste dei prøvde trøysta seg med, var at prinsessa som Oskefisen hadde, herre var eit pysselting som ikkje dugde til noko.

Så sette kongen sonekonene til prøven. Dei fekk kvar sitt rom på slottet, og skjortene skulle vera ferdige innan kvelden. Ja, de tok i ferd med arbeidet alle tre; men då det lei om ei tid, tok dei til å sjå det ulikt, konene til dei to eldste brørne, og sluttpå gav dei tapt. Men då kvelden kom, hadde ho skjorta ferdig, kona til Oskefisen. Såleis vart han sett til å styra land og rike saman med faren.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *