Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Prisen fe molte va tjuge øre literen

Frukttre va dæ lite ta på plassein. Heime sto dæ ein gåmmål åpål, men søtepla va kleine. Bærbuskur va dæ ikkje, o fyst i dem seinare åra kom dæ ripsbuskur. Et lite kirsebærtre kan eg hugse sto utafe huset. Gulrot og kålrot sådde me verr vår. Dæ va mor som styrde mæ dæ om våren. I gåmmål ti va dæ au mykje nepe på gardar og plassar, o dem bruka nepe i stan fe eple (jordeple, potetar). Dæ blei ikkje sanka tytebær o blåbær. Dæ va helst slik at dem åt bæra dær dei sto. Mølte (molte) blei lite sanka. Ein konne nok få seld ei bytte te præstgarden, o prisen va tjuge øre literen. Eg veit ein gong som far o eg ha henta førrtjuge liter o seldt te lensmannen som budde på Hafsten. Eg veit ikkje ana hell at lensmannen ha svella (prata, snakka) mæ far, ein gong dem treftes ette vegen. Far meinte prisen va fe liten, men lensmannen sa at dem blei nok forlikte når far kom mæ bæra. Me dróg ho dit på ei drågåkjærre, o dæ va nok liten betaling når ein tenkjer på at fyst sku bæra hentas, o sea sku me drågå dem den lange vegen te Hafsten. — «Eg ska gje deg tjuge øre,» sa lensmannen. Så blei dæ mæ dæ.

Hær va lite fisking fe plassefolk. Gardein ha rettigheten, men dæ va husmennar som sette ut gån, o når dem kom mæ fangsten, la folkja ne rakefisk i holkar o dem ha fisk langt utivi veten. Men husmannen som sette ut gån, fekk ingenting. Heller ikkje innpå fjellet va dæ fritt. Ein husmann konne nok gå te småtjonnar o fiske tryte, o mæ makk o stong i åin, men dæ blei så liten fangst ta slikt.

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *