Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Prosten tina opp

Prosten var sers arg når nokon av soknefolket kom og tinga dåp for barn fødde utan ekteskap.

Ein horgbygg fekk dette vanskelege oppdraget. På vegen oppetter var han innom Ola Foss. Dei tala att og fram om vanskane og tok seg ein dram attåt.

Og slik fortalde horgbyggen:

–    ”E kom oppi prestgarden og fann han far på kontora, bar fram ærenda mi og venta.”

–    ”Igjen et uekte barn. Slike børn som er gjort i grisehuset skulle ikke døbes. Det er en vederstyggelighet for Herren.”

Og prosten kom heilt bort til horgbyggen.

–    ”Fy, fy,fy” – det stinker jo brendevin av dig ogsaa.

–    ”Ja, e va innom han Ola Foss og så fekk e ein dram tå øm. Det gjor godt det så hustre og kaldt som det æ fyrry jula. Han sa e skull kommå innatt når e for ned att så skull e få ein på ander foten. Øm ungin æ gjort i grishusa, det vet itt e nå øm, men det ska no ha gått naturleg for seg alt i hop. Vel gjort og vel fødd. Men å døp sånt nå det skull n’ itt gjårrå, nei. Der æ e så enig med øm far. Ittnå verdt å koste på.”

–    ”Dermed to e huva mi og gjekk bortåt dørn.”

–    ”Å nei, du kan da skjønne barnet maa have dåb og kristendom. Det vesle barnet kan da ikke noget for sine foreldres synder og missgjerninger.”

–    ”E gjekk heilt uti gangen, og prosten kom ette og to me innatt. No va det annan låt i pipun. Han snakka om vær og vind, om trøsking og gardsarbeid. Han kunn det der bær inn mange bønder. Dreiv garden sin godt.”

–    ”Da e gjekk va prosten med meg attåt dørn, klappa meg på aksla og sa”:

–    ”Nu maa du ikke glemme at gaa inn til Ole Foss og faa drammen din da.”

–    ”Og det kunn prosten lit seg på at itt vart glømt.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *