Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Råd for sjukdom

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


Skreik ungane og var leide, skaut dei over dei. Dette er so sant som det er sagt. På Tømto stod det so gamal ein bygning. I veggen over eine sengi var det eit kulehol. So spurde eg mor korleis det hadde kome der. Då svara ho:

«Jau, de ska e sea de, gut'n min! Me e va lit'n, vart e ein gång so sjuk. Då skaut 'n far over me.»

For mosotti åt dei lus. Det skulde hjelpe, endå so utruleg det er.

Hadde dei ringorm, smørde dei på brynesverte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *