Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Dyri

Råd mot ormestikk


No skal eg fortelja deg noko utruleg, men det er no rein sanning, korso! Eg hugsar det som det var hendt idag, endå eg var vel berre ei åtte år.

Farsyster hennar mor heitte Lispet, og mannen te Lispet heitte Aslak på Bakko. Ho farsyster var endå gudbrandsdøl. So hadde ho godsonen sin te gjæte åt seg ein sumar. Han kallast so fordi han var sonen åt sonen hennar. Ein dag dreiv han og gjætte geitene uppunder Skålebergknatte. No er det nokre skorer der med uløyseleg langt gras. So vilde guten upp i ei tå desse skorer og lugge gras åt geitene. Han la seg på eine kneet og te å lugge — og fekk so eit ormestikk. No var det nokre andre gjætarar der nær ved, og dei hjelpe han heimatt te henne Lispet på Bakko.

Ho Lispet bad trast um å få vita kvar guten hadde vore då ormen hadde stukke honom, Og det sa han henne. Ho kasta på seg klædi og skunda seg åt bergskori. Der mana ho ormen framatt. So tok ho skalleplagget sitt og la ned på marki og mana ormen upp på det. Ho slo so ein knute på plagget over han, og slik bar ho han heimatt. Der la ho ormen på peishella og brende han upp. So tok ho tå den oska og strøydde på kneet åt guten, og han vart like god att trast. Dette er sann soge det, for eg har sjølv set det. Me budde tett ved ho Lispet, var grannar, som me seier.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *