Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Råd mot tannpine

Tannråte og tannpine har plaga folk også frå gammalt. Mange råder har vore bruka.

I Soknedal var det ein gammal mann som hadde hatt så lei tannpine da han var gutungen. Faren tok guten med seg til Litjfrøseten, og han visste råd.

Han vart med til eigedomen til far åt guten. Det bar opp i utmarka og der sto ei ung, rakvaksen furu. Litjfrøseten tok eit trestykke opp av lomma og skar til ein pinn.

–    ”No ska me sjå.”

Han stakk pinnen ned i høltanna, heldt han der ei stund og dreia han rundt nede i tanna. Med ein leggarsyl stakk han høl i furuleggen og banka pinnen godt inn under borken. Etterpå strauk han kvae over holet.

Gutungen vart kvitt tannpina.

Med du skulla sjett keles furru plagas. Ho voks ittnå meir, og ho krokna og vred seg ikring pinnin Litjfrøseten slo ti.

Han som fortalde om tannpina var same karen som Litjfrøseten kurerte.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *