Internt referansenummer: 15.04.2009 – A

Kilde:
I GAMMELTIDA
Folkeminne frå Hemne prestegjeld
Av: Henrik Sødal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 104
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969
Klikk her for å lese ”Føreord”

 

Råder mot sjukdom og skade

Dei gamle hadde mange slag råder mot sjukdom. Særleg nytta dei ymse urter, blad og blomar, som dei la på sår og verk. Eller dei koka te og tok inn som medisin. Somme kjerringar – ja kallar med var særleg flinke til å sanke inn og lage slik medisin, og folk gjekk da gjerne til slike når noko vanta. Elles hadde ofte kvart hus sine kjerringråder. Somme for med maning og åtgjersle også. Slikt gjekk no av bruk etter kvart, men mange av dei gamle kjerringrådene har vore brukt lenge.

 

Råder mot grandkleinheita. (engelsk sjuke)

Det var mange slags «vipo» å gjera med småborn for at dei ikkje skulle få denne sjuka. Men hadde dei først fått grandkleinheita, så var det ei god råd å vri ei orevidje rangsøles ein torsdagskveld. Denne vidja skulle ein ta omkring barnet.

Ei anna råd var å dra barnet under eit jordfast torv. På Alma inni Snillfjorda var det ein gong ei lita jente som hadde grandkleinheita. Da tok foreldra og drog ho gjennom eit hol i åkerreina, og ho kom seg, vart det sagt.

Han morbror John på Holl’n hadde òg grandkleinheita da han var liten. Han var liten og tuslet og vissen i fotene, så det var synd å sjå. Dette var kring 1840. «Æ veit ei rå for guta din,» sa ho Brønnel Svarthauga. «Æ ska dra’n ponn torva, så bli’n god att.» Bestemor ville ikkje dette, men ho Brønnel heldt på sitt. «Æ ska gjerra de så fint, at de ska ittj’ ska guten nå. Åkerreina nedmed sjy’n e så høg. Æ ska grava stort hol og kle på guten godt, så han ska ittj’ få nån skade,» sa ho. «Pytt!» sa ho berre, ho bestemor. Da gret ho Brønnel. «Æ bryr mæ ittj’ om dæ, Marit, men tykkje synd ti guta,» gret ho.

Ingeborg Sødahl, f. Holden, f. 1853, d. 1926



Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.