Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Rådgjerder for å få kukalv

Gjennom alle tider har det vore slik at folk gjerne vil ha kukalv etter beste kyrne. Dette har ikkje alltid falle inn etter Ønskje. Mange meinte at når kua vart parra på fullt jur ville det koma kukalv.

Ein legdkall i Soknedal gav denne råda (1880-åra). Snu kua med bakenden imot soln’ slik at sola gløtta innmed med det såmmå oksin hoppa ti åt seg — da bi det kukalv.

Øm du para kua på vaksan ha det å lettar for å bi kukalv. Hjelpe’itt di her råin fæ dokk prøv sjøl, sa kallen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *