Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Rare folk

Ho Bergit

Eit hende fraa Heddal.

(Etter A. Sollid, min gode ven og felag som hev fortald meg segni).


Halvor tende paa Ryggjy hjaa gamle kapteinen, og ho Bergit var teneste-gjenta i prestegarden hjaa salig provst N—.

Halvor var ein letliva kropp og kvende-kjær. Gjentorne var og svært glade i honom, trass i det at han var noko hare-mynt (likna litt paa hjasen i munnen.) Halvor hadde likevel eit heilt rekkje av kjæraster, men det var berre so for spas eller ganteri fraa han Halvor si sida, aalvor vart det aldri. Og ho Bergit i prestegarden var han no ikkje noko sers glad i, men naar det fall so, kunde han likevel fria til henne og, og ho var no forelska heilt upp under øyro i honom daa, maatru, slik som kvendi kan vera sumetider.

So var det seint ein haustkveld Halvor hadde vore i hamni med hestarne nedanum kyrkja, og paa vegen heim-att gjekk han gjenom tunet i prestegarden, gjenom alleen og forbi kyrkjegarden. Halvor var ikkje fri vera litt myrkredd og skunda seg avgarde. Men daa han kom til den store popelen tett med kvrkjegards-grindi, høyrde han noko ropa upp i lufti:

– Halvor! Halvor!

Halvor kvakk so han mest uvita, men reiv av seg huva, stirde upp og sa:

– Hott vi du, Herre?
– Du skal taka den gjenta som tener i prestegarden, Halvor!
– Takk, Herre! sa Halvor og la paa spranget.

Etter dette hendet var Halvor mykje still av seg — noko rar av seg og, men snart spurdest det at
Halvor og Bergit skulde gifte seg, og so vart det.

Det var nok ho Bergit som hadde kravla upp i den store popellen — ho var lei av aa gaa i uvissa og venta lenger daa, maatru.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *