Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Rare folk

Kristen Bjørnson Kvenndokka

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er malt av Erik Bodom.

Kristen Bjørnson Kvenndokka heitte han.

”Eg er fødd i eit kvenn-hus”, sa han sjølv, naar ein spurde honom. ”Far min var Bjønn Kvenndokka, og mor mi var Mari”, sa han. Og det var visst regtig alt saman. Foreldri var fatigfolk og heldt fraa fyrst av til i eit kvennhus som stod uppe med Flaathaugen. Han visste ikkje aaret, men dei han var jamngamal med, visste han skulde vera fødd urnlag 1820. Kristen Bjørnson var det me kallar ein
faaviting eller raring. Han kunde ikkje tale greidt, men syngja betre, hadde ikkje lært lesa, so han kunde sleppa fram for prestera. Han var stor og rakvaksen og so ven og raudlet i andlitet, at Gregar Eikja sa um han, daa han fyrste gong saag honom, at so ven og raudlet gutunge hadde han aldri sett maken til. Og det er gjerne sannt. Eg kjende han berre fraa daa han var vaksen og eldre mann, men liketil det seinste hadde han dei raude rosune i kinni.

Fraa han var liten farta han um med tiggarposen baade i Nes, Bø, Saude og andre stader. Han vitja ofte dei største gardane naar der var lag, helst brudlaup. Daa fekk han øl og brennevin og god mat, som han var glad i. So song han og råna og dansa til moro for folk; for han kunde vera baade lentug og løgleg og godliande naar dei stasa um’n, men naar dei dreiv løgje altfur vitt og eggja honom, kunde han og verta faarleg sinna. Daa kunde han tyggja froda og vera regtig stygg, gjerne triva fram kniven sin og, so dei maatte røma eller finna paa eitkvart til stogga honom att. Dei hadde fælt moro av Kristen i lag ofte. Han sa, han var skyld paa dei største gardar baade i Bø og Heddal, som t. d. Eikja, Borja og Haave m. fl. Naar ein spurde honom, sa han:

– Ja, eg er syskendbaane til H. Clasen, syskendbaane til Haave’en o. s. b.

Han var stedugt syskenbaane til dei rikaste og fremste han visste urn i dei ymse bygder. Og mange stader var han kjend og svært forviten.

Daa han vart eldre, vart han sett paa umgongslegd, nokre dagar paa kvar gard etter skyld. Men daa passa han paa dagarne og heldt hue-rekning yver, kor mykje han fekk tilgode av folk, og det vart nok ikkje smaaskillingar tilslutt. Men so tyktest folk i Nes synd i, at han skulde ganga slik, og so fekk fatigstyret Torchel Gunnem til aa taka honom. Han og kona, Bergit, var sers gode med han! han fekk raada seg aa gjera mest som han vilde, og han vilde gjerne vera som ein husbond der paa garden og. Han trudde sjav han skulde verta stortingsmann, og vart gram i hugen um ein ikkje vilde tru det same. Ein gong eg spurde honom, kva han skulde gjera paa stortinget, sa han, han skulde ”prate”. (Det var og so mykje av det slage der og den gongen).

Ein annann gong sa han, at han skulde stulle – stulle stutar! for ”der var 114 stutar paa tinget”, sa han. Han fekk og brev som skjemtegaukar hadde skrive aat honom og adressera:

”Til velagtede hr. stortingsmand Kristen Bjørnson.”

Til fastare vart han i trui.

Flestalle som raaka han hadde han mest til laatt og løgje.
Naar han sjav vilde vera ”spis-bur” sa han, han var „syskenbaane til ræven!»

”Det er ein fille-kjømestar, Christofer, for eg fekk berre ein gram (dram) av han.” Han lika spandering, maatru!

Han var ikkje brevsynt, men kunde rita nokre trebokstavar — dei skyna han.

Ein gong tok eg meg tid aa tala aalvorsamt med honom. Eg vilde sjaa kva verknad det hadde, Men eg vart i bisn! Som eg sat aa skildra himelen og herlegdommen hjaa Gud – umlag paa den maaten
som Luther gjer daa han skriv til sin son, Hans – fekk han med eit eitt ope andlit, og augo blenkte so som eg berre har sett det hjaa vælnøgde born. So sa han mykje aalvorsamt:

– Det blir moro i himelen daa?”
– Ja, er nokonstad moro, so er det der», sa eg.
– Ja, daa maa me ikkje banne, ikkje ljuga, ikkje stela eller gjera noko anna stygt», sa han.

Ja eg sanna dette, og me skildest begge glade i hugen.

Morosam var han naar han rima og song, helst den songen han kalla „Nordanfor Nesodden».

Den 21de mars 1905 fekk han slag og døydde fort paa Gunheim nokre og otti aar gamall.

Torchel og Birgit som hadde vore so gode mot honom, gjorde eit vint gravel etter han den 25de s. m.

No kvilar han paa Nes kyrkjegard.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *