Av Lars Tønne
Hentet fra Årbok for 1993
Nord-Trøndelag Historielag
Redaksjonsnemnd: Aa. Bjørgum Øwre, Eldrid Moen, Johan Solheim
Steinkjer Trykkeri A.S 1993

Ras i Ogndala

Også i Ogndala har det gått større og mindre ras. Dett er for det meste i leirområda langs Ogna i den ytre del av bygda. I de seinere åra har det gått to betydelige ras.

Natt til 25. november i 1983 gjekk det eit ras i Ognabakkene, frå brua og oppover mot
Sør-Bruem.

Natt til 4. oktober 1982 gjekk det eir ras ved Vibe. Her er det dårleg leirgrunn, og Statens Vegvesen hadde fylt opp eit område oppom vegen, slik at belastningen vart for stor.

Vegvesenet har eit lager her og dei mista ein del maskiner og utstyr. Raset tok med seg 100 meter av vegen og elva vart nesten stengt. Ognabakkan har nok ofte laga problemer. Frå bygdeboka, bind II: ”Det later til at både Ognabakkene og brua ma ha vært problematisk og plagsomt stykke av vegen, ikke bare for ferdselen, men også for vedlikeholdet, allerede den gang. Såleis har Andreas Stor-Ryan og Lars Fjeset i 1833 fått 58 spd. For ”Forbygningsarbeide i nedre Stykke af Ognabakkerne”. Og i 1837 ber lensmannen om sakkyndig hjelp til å sjå på ”Veien i Ognabakkerne, der er saa udskriden at den med vanskelighed kunde befares”.

Men så kom den berømte ”Gælnversnatta” 11. oktober med store skader og ras. Etter dette vart det ny bru over Ogna og med tida også utbedring av vegen.

Det største raset vi kjenner noko til gjekk 25. april 1822. Amund Helland skriver at Bruem nordre led meget ved et den 25de april 1822 indtruffet jordfald.

Vi har vel riktignok få holdepunkt for å kunne vurdere dette i dag. Det er likevel ikkje utruleg at det er området frå Nord-Bruemsbakken til Bruåsen som rasa ut da.

Det er truleg dette raset som har fått Løytnant Tørris Strugstad på Sør-Bruem til å sjå etter vegmuleighet andre vegen. For i 1823 sender han amtets vegmyndigheter et overslag over Brandtzæg bro. I sin stilling vart det nok for usikkert å være avhengig av OPgnabakkan.

På Vibes grunn er det eit område som heiter Jordfallet, like ved Vegvesenets anlegg. Frå Bruåsen og dit er det truleg gammelt elveleie. Leirmelane der er såleis eit resultat av Ognas graving, men det har sikkert også her gått større eller mindre ras gjennom tida.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *