Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

RASJONERING

Under krigen laot ein ha rasjoneringskort til mest alle forbruksvaror.
Mjølk var det såleis berre barn og sjuke som fekk. Friske folk fekk
berre ½ lite skumma. Ein laut til forsyningsnemnda for å få
rasjoneringskort. Sjuke folk måtte skaffa seg attest frå lækjar før dei
kunne få mjølkebok.

Når så eit menneske som hadde mjølkebok, døydde, var det freistande for
familien til den avlidne framleis å henta mjølk på den døde si bok.
Handelsmannen var gjerne
merksam på det og, men let det gå ei tid.

Han Halldor som hadde butikk i Haugemoen, hadde i alle høve gjenge med
på dette. Men ein dag tykte han at no kunne det ikkje gå lenger. Og så
manna han seg opp og sa frå til kunden sin, han sa:

– No kan eg ikkje lata det forbaska liket få meir mjølk!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *