Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Rask skyss

A.

Det var ein gong tvo menner fraa Randøy som var i Bergen med jordeple. So vart dei verfaste og vart gangande der dag etter dag. Fælt gjerna vilde dei heim; for det var ikkje meir en eit par dagar att til jol; men kva raad var der, naar det ikkje var ut komande?

So kom det ein mann til deim og spurde um dei ikkje snart var leide av aa fara att og fram der i byen. Dei svara at dei var leide fyr lengje sidan; men vêret var slikt at dei kunde ikkje koma nokon stad, og no leid det so langt at dei kunde ikkje naa heim til jol, kor gjerna dei vilde.

«Aa seg ikkje det,» sagde mannen; enno var det tid, — og so baud han seg til aa vera med deim; han skulde ikkje syta fyr aa naa heim til jol, vilde dei berre taka han med paa baaten. Dei spurde kva han vilde hava fyr hjelpi. Aa det skulde dei alltid verta forlikte um, sagde han; kunde han faa drikka seg utyrst paa joleølet, naar dei kom heim, so skulde han ikkje krevja meir. Ja so vart dei daa sameinte um dette, og so gjekk dei aat baaten. Daa dei skulde til aa ro, vilde dei taka kvar sitt par og setja seg til aa ro; men mannen sa at dei kunde breida seg ned att i bakskuten so lengje. So gjorde dei det, og mannen sette seg til nygjarne og rodde so det hadde god skikk. Dei høyrde han sat og rodde med seg sjølv; han vilde taka ein fjordung i kvart aaredrag, sa han. Og gjekk gjorde det, det var sant; dei tenkte gong paa gong at baaten hadde slitna. Dei koni heim um kvelden, og daa dei var komne i stødi, bad dei mannen vera med til gards. Der tok dei ein skjeppebolle og tappa full av øl. So tømde han den fyrst, og sidan gjekk han burt-aat bryggjekjeret; det tok han og sette fyr munnen og tømde det og. Daa det var gjort, so gjekk skyssmannen, og sidan saag dei ikkje han meir. Men mennerne fór til gastgjevaren og kaupte malt og bryggja nytt øl til jol, og sidan heldt dei jol som dei var vane og var fegne til at dei var heim komne.

B.

Det var ein gong tvo menner fraa Randøy som var i Bergen med jordeple. Det var straks fyre jol, og det laga seg so at dei ikkje kunde verta ferduge til aa taka paa heimvegen fyrr um jolaftans-kvelden, og daa hadde dei gjeve upp all von um aa koma heim til jol. I myrkningi kom det tvo mann ned til deim og spurde um dei ikkje snart var leide av aa vera i byen. Dei svara, at dei var leide fyr lengje sidan; men no var det ingi raad; for vegen var lang og tidi stutt, og dei kunde ikkje naa heim til jol kor gjerna dei vilde. «Aa seg ikkje det,» sagde mennerne; kunde dei faa vera med paa baaten — dei skulde same vegen, dei og, so skulde det vel verta ei raad. Jau, dei skulle vol faa fylgja paa baaten; men — um dei skulde same vegen — «me kjenner dykk ikkje,» sa Randøy-mennerne. «Det var daa løglegt,» sa dei framande; «me er daa næraste grannar.»

So gjekk dei aat baaten. Daa dei skulde til aa ro, vilde dei taka kvar sitt par; men framandkarane sa at dei kunde leggja seg til aa sova att i vengen. So gjorde dei det, og framandkarane sette seg til aa ro. Dei tok i med smaae aaredrag fyrsta; men snart auka det paa. Dei som laag i vengen, kunde høryra at framandkarane rødde seg imillom. «Tak halvfjordungen,» sa den eine, — og so gjekk det med ein halvfjordung i kvart aaredrag. Daa det leid paa, sa den eine framandkaren at det gjekk for smaatt: «Aa tak fjordungen,» sa han, og so gjekk det so dei tenkte at baaten hadde slitna. Dei kom heim um kvelden, og daa dei var komne i stødi, bad dei mennerne vera med til gards.

Heime hadde dei nett bryggja, og ølet stod endaa i gongekjeret. Mannen som høyrde heime der i huset, vilde av og finna eitkvart til aa drikka med; men det sagde roarane at dei slett ikkje trong. Dei gjekk burtaat gongetunna og sette henne fyr munnen og drakk kvar sitt tak, og det var ikkje lang stundi fyrr dei hadde tømt heile kjeret.

Sidan gjekk skysskarane. Byfolki var vel fegne at dei var heimkomne. Det fekk heller vaaga seg um dei ikkje fekk øl den helgi. Men baaten som dei den gongen kom heim fraa Bergen paa, var sidan alltid vaat um joledagsmorgonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *