Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”

Rasmus Løset

Rasmus Løset hadde gode krefter. Han var ein godmodig og snill mann, som ikkje gjorde noko bråk med kreftene sine. Ein gong han var innkalla til militærteneste, var han komen på Austlandet, tett inn til svenskegrensa. Det var i juletider, og soldatane sat rundt eit julebord og drakk. Sunnmøringane er både hata og elska, og austlendingane gjorde narr av korleis Rasmus snakka. Rasmus, som heldt morsmålet sitt i ære, meinte at han snakka slik han hadde lært, og tykte det måtte greie seg. Austlendingane vart høgrøysta og ville banke han opp. Rasmus, som sat for høgebordsenden, reiste seg, tok i enden på bordet og svinga rundt i romet og jaga heile krapylet ut gjennom døra. Seinare fekk dei respekt for Rasmus og let han vere i fred.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *